— Eg har hatt mange førespurnader om «Afterski» i samband med påskehelga, men eg har vore litt skeptisk, utan snø vart det liksom ikkje heilt rette «settingen», sier Joar Søhoel som driv Laksen Pub & Restaurant i Lærdal til nettavisa porten.no.

Henta 200 kubikk snø

Ein kamerat av Søhoel kom med ideèn om at å hente snøen sjølv, og då byrja snøballen bokstaveleg talt å rulle. I lag andre entusiastar er dei no i gang med å frakte 200 kubikk med snø frå Borgund til Øyri. Ei vanleg vekt per kubikk gamal snø er heile 300 kilo, så kameratane har engasjert andre slik at 60 tonn snø skal klara å forflytta seg til Øyri.

Slikt må til når ein ikkje har snø og vil leggje til rette for skiaktivitetar i påska. i Boltreområdet blir nedanfor Villakssenteret i Lærdal, og planen er at snøen skal liggje klar til langfredag.

-Treng ikkje Hemsedal

Dette er fyrste gong det vert skipa til skiaktivitetar på Øyri i påskehelga, skriv porten.no. Både «big jump» snowboard og bortoverski står på menyen. Høgdepunktet er likevel afterski på «Laksen» om kvelden.

— Kven treng vel reise til Hemsedal?

ALT FOR AFTERSKI: Joar Søhoel og Anders Flæte var villig til å flytta på 200 kubikk snø for å få ekte påskemorro i Lærdal.
Steinar Kvigne