Håvard og Jens Hystad eig i dag ein tredel kvar av aksjane i den snart hundre år gamle avisa. Dei ønskjer å dela eigarskapen 50-50 dersom dei får kjøpa Steinar Hystad sin tredel.

Etter det Bergens Tidende kjenner til var brørne Jens (55) og Steinar (51) og søskenbarnet Håvard Hystad (52) i forhandlingar om å selja heile bladselskapet til eit større aviskonsern. Både A-pressen, Orkla og Schibsted skal ha vist si interesse. Men minst to av eigarane var misnøgde med pristilboda i forhold til deira verdivurdering av bladselskapet.

Bodet som Jens og Håvard Hystad no har fullfinansiert og lagt fram for Steinar Hystad, skal liggja over tidlegare konserntilbod. Det er venta at svaret frå Steinar Hystad kjem med det første. Han ønskjer sjølv ikkje å kommentera saka.

Sunnhordland blei etablert av Jens Hystad den eldre 1.mai 1902, og har seinare vore i familien si eige med unnatak av to periodar rundt første og andre verdskrigen. Bladselskapet med vel 40 stillingar hadde i fjor over 33 millionar kroner i omsetnad og eit opplag på 8583 aviser dagleg.

Bladet eig ei presse som også trykkjer fem andre lokalaviser i regionen.

Hystad-familien eig også selskapet Bladstova AS, som eig avisa sine lokale på Leirvik og på Heiane, i tillegg til eit forretningsbygg på Leirvik. Bladstova AS blir ikkje berørt av aksjehandelen som no skjer i Bladet Sunnhordland AS.