Det kom fram då statsråden i går kveld tok del på eit ope møte om skipstunnelen i Selje. Men Ludvigsen trur ikkje bygginga av tunnelen kan ta til før tidlegast i 2004. Ein tunnel som skal gjere at mindre båtar slepp å segle over det farlege Stadhavet, kjem truleg til å koste kring 900 millionar kroner. Det har vore arbeidd for å få realisert tunnelen sidan midt på 80-talet.

På folkemøtet lova fiskeriministeren at han i sommar skal leggje fram ei stortingsmelding om tunnelen. Men samstundes som Ludvigsen gav klare signal om at han er positiv til planane, understreka han at det til sjuande og sist er Stortinget som avgjer om det blir bygging.

SIER JA: Fiskeriminister Svein Ludvigsen.
Foto: Scanpix