27 av 37 næringsverksemder i Kvam vil at bompengepakken skal arbeidast om, og få Kvamskogtunnelen på 1. plass. Det syner ei spyrjeundersøking som Kvam Næringsråd har gjort. På dette grunnlaget heldt Kvam Næringsråd styremøte sundag kveld, og sende fråsegn om saka til kommunestyret.

Forslaget som ligg føre, er utkast til bompengesøknad for ein pakke på til saman 260 millionar kroner (sjå faktaramme). Største prosjektet her er ein tunnel på 1,6 km. for trafikksikring på strekninga Øystese-Norheimsund.

Etter opplegget i bompengesøknaden skal tunnel under Kvamskogen koma til seinare, fordi tunnelen sprengjer rammene for bompengepakken, og fordi det tek minst 6-7 år berre å planleggja han.

— Dette er ikkje godt nok. Vi krev at kommunestyret utset heile saka og ventar eitt år. Så nyttar vi den tida til å få klårlagt om det er mogleg å få til tunnelen under Kvamskogen, seier dagleg leiar i Kvam Næringsråd, Torleif Ljones, til Bergens Tidende.

Den påtenkte tunnelen vert 10-12 kilometer lang, og vil kosta minst tre gonger så mykje som heile den Kvammapakken kommunestyret skal handsama onsdag ettermiddag.

Sjansen kjem aldri att

Ljones er særleg oppteken av planane til Statnett om ein straumkabel frå Sima til Samnanger. Statnett vil ha luftline gjennom fjellheimen. Hardanger-kommunane seier blankt nei, og krev kabel. Dermed oppstod ideen om kombinert kabel- og vegtunnel under Kvamskogen.

— Til dømes må vi få klårlagt om tunnelen kan kombinerast med kraftutbygging for å nytta flaumvatnet frå Kvamskogen, slik vi har høyrt snakk om.

— Dette må vi nytta oss av, men då må vi handla no. Ein slik sjanse får vi truleg aldri att. Difor må hovudoppgåva no vera tunnelen under Kvamskogen, så får heller dei andre vegprosjekta i kommunen liggja på vent til så lenge, heiter det i eit opprop frå Fykse grendeutval, Ytre Ålvik/Ålvik grendeutval og Øystese Næringslag.

— Oppropet ligg tett opptil det vi meiner om saka i Kvam Næringsråd, seier Torleif Ljones.

For trongt i Norheimsund

— Grunnen er sjølvsagt at Kvam kommune sårt treng å få kortare veg til Bergen. Med Kvamskogtunnelen og Arnatunnelen på plass, vert køyretida til Bergen berre 40 minuttar. Då stiller kvemmingane likt med dei fleste andre som pendlar til og frå Bergen, seier Ljones.

— Vi skjønar heller ikkje kvifor Sandventunnelen er utelaten frå Kvammapakken. Denne tunnelen vil leia trafikk utanom Norheimsund sentrum, og trengst når Jondalstunnelen er ferdig i 2010.

Urettvist for pendlarane

Samstundes er kvemmingane som dagpendlar til Bergen i ferd med å organisera seg. Etter det som står i bompengepakken, må dei ut med minst 36 kroner dagen i bompengar på kommunegrensa i Eikedalen.

— Det vert rundt rekna 8000 kroner i året. Vi er ikkje mot bompengar. Men vi meiner det er urettvist at det ikkje også er planlagt ein bomstasjon til dømes mellom Norheimsund og Øystese. Slik det ser ut no, må vi pendlarane ta ein urimeleg stor del av børa, medan alle dei som berre køyrer innanfor kommunen slepp unna gratis, seier Harald S. Mo, som pendlar til Flesland fire dagar i veka.

I fylgje Harald S. Mo er det ca. 300 kvemmingar som pendlar dagleg over Kvamskogen mot Bergen.