Etter valet var avtroppande Venstre-leiar Lars Sponheim raskt ute med å lansere seg sjølv til fylkesmannsembetet i Hordaland. I dagens BT kjem det fram at Aps fylkesleiar i Hordaland, Sveinung Valle, meiner Sponheim er ueigna til stillinga på grunn av sin kontroversielle stil. I staden lanserer han Reidar Sandal. Også Ingebrigt Sørfonn (KrF) vurderer å søkje stillinga.

— Er det ikkje på tide å sjå etter ei dame til det fremste statlege embetet på Vestlandet?, spør Oddny Miljeteig, gruppeleiar i SV i Bergen bystyre.

- Sinke på likestilling

Ho utfordrer Valle til å tørre å sjå seg om etter kvinnelege kandidatar til toppjobben.

— Hordaland held på å bli Vestlandets sinke når det gjeld likestilling i statlege embete. Det kan ikkje kome ei kvinne til biskopembetet i Bjørgvin, og den offentlege debatten kring fylkesmannsembetet ser ut til å vere likeeins. Det dannar seg automatisk ei gubbekø, seier Miljeteig.

- Ingen tøffare

Sjølv har ho tenkt ut fem kvinner som ho meiner høver godt til å bli statens sin forlenga arm i Hordaland. Øvst på lista troner Gerd- Liv Valla.

— Ein må tenkje spenstig og tøft når den første fylkeskona til Hordaland skal utnemnast, og eg kan ikkje tenkje meg noko tøffare enn Gerd-Liv Valla. Ho var vist at ho er både tøff og stri, og slik liknar ho oss Hordalendingar.

- Ho er svært kontroversiell?

— Det gode med det er at ho har vist at ho våger å tale Roma, det vil seie Jens Stoltenberg, rett imot. Det er ein kvalifikasjon i seg sjølv for nokon som skal ha fylkesmannsembetet på Vestlandet.

- Positivt med nordlending

  • Har ho nok kjennskap til Hordaland?

— Ho kjenner ikkje Hordaland som ein hordalending, på godt og gale. Ho vil kome fri for patriotisme for den eine eller andre delen av fylket. Såpass inkluderande må vi vere, særleg mot ein nordlending.

Miljeteig håpar dette vil gje nytt liv i debatten kring toppjobben i fylket.

— Eit såpass tøft forslag må til for å slå ein kile inn i den elles opplyste og vedtekne mannsbastionen, seier ho.

Kandidatlista

Dei andre toppkandidatane til Miljeteig er:

*** Ranveig Frøiland (Ap)**

— I staden for å kvile på sine laurbær etter 20 år på Stortinget, er ho i kommunestyret i Fjell, og har tatt på seg verv som styreleiar i Helse Bergen.

Bergens Tidende

*** Marit Warncke, administrerande direktør i Bergen Næringsråd**

— Ho har stått for ein ny giv i næringsrådet og er ei spenstig dame.

BERGENS TIDENDE

*** Kjellbjørg Lunde (SV)**

— Ho har den parlamentariske erfaringa og har vist seg som ein markant og stødig utdanningsdirektør. Dessutan har ho hatt ei rekkje verv og har stor arbeidskapasitet.

BERGENS TIDENDE

*** Solveig Øvstebø, intendant i Bergen Kunsthall**

— Ho har løfta opp kunsthallen til å konkurrere med Kunstnernes Hus i Oslo. Ei yngre dame med uvanleg styrke og pågangsmot.

Miljeteig veit ikkje om nokre av kvinnene ho lanserer, faktisk ønskjer jobben.

— Kanskje har dei ikkje eingong kome på tanken, og akkurat derfor er dette gode namn.

Kven ønskjer du som fylkesmann i Hordaland? Delta i debatten.