Rådmann Jan Øhlckers sluttar seg dermed til tilrådinga frå Statens vegvesen. Han legg stor vekt på E39 som ei framtidig effektiv transportåre mellom Kristiansand og Trondheim.

Løysinga med tunnel under Utvikfjellet og bru over Nordfjorden ved Svarstad gjev størst reduksjon i reisetid mellom Skei og Volda. Det er også lagt vekt på at alternativet er to milliardar rimelegare enn alternativet med bru Anda–Lote, veg vidare over Stigedalen og bru over Austefjorden.

Fleirtalet av fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane har tidlegare gått inn for å byggje bru mellom Lote og Anda. Deretter vil dei at stamvegen skal gå frå Nordfjordeid til Hornindal og følgje den nye Kvivsvegen til Volda. Vegen gjennom fjellet Kviven er under bygging og skal stå ferdig mot slutten av året.

Hovudutvalet for samferdsle skal ta stilling til saka måndag 23. januar. Saka skal så til fylkesutvalet 25. januar. Fylkestinget gjev endeleg fråsegn om E39 mellom Skei og Ålesund 31. januar.