— Denne saka verkar heilt ute av styring. Innbyggjarar i området har kontakta meg for å be om at nokon tar ansvar, seier Gjermund Hagesæter, stortingsrepresentant for Framstegspartiet.

Måndag sendte han brev til statsråden med spørsmål om nok pengar blei løyvd til oppryddinga. Han krev og at Statens forureiningstilsyn (SFT) og Direktoratet for samfunnsberedskap (DSB) sender eigne folk til området. SFT har besøkt eksplosjonstomta ein gong, og er avhengige av prøver tatt av tankfirmaet Vest Tank.

— No har det gått seks veker, og vi har endå ikkje fått svar på kva som er på tankane. Det er direkte useriøst av miljøvernministeren å ikkje engasjere seg, seier Hagesæter.

- Tar ikkje ansvar

Bergens Tidende har fleire gonger prøvd å få kommentarar frå miljøvernminister Bjørnøy.

— Dette er ei sak som ligg hos SFT, difor vil eg ikkje kommentere saka no, seier Bjørnøy.

Det held ikkje for Hagesæter.

— Då tar ikkje Bjørnøy det ansvaret ho har i denne saka, seier han. Hagesæter er sjølv frå Nordhordland, vel ein time frå Sløvåg.

Han får følgje av miljøpolitisk talsmann i Venstre, Gunnar Kvassheim:

— Vi kan ikkje vente at kvar enkelt kommune i ei så spesiell sak kan ha kompetanse til å foreta dei nødvendige undersøkelsar. Det er ikkje naturleg at ei slik sak baserer seg så ensidig på prøvetaking frå bedrifta som det skjer no, seier han.

Kvassheim meiner óg det no kan vere naudsynt å gå etter rutinane i slike saker.

- Liten kommune

Hos Gulen kommune har ordførar Trude Brosvik sakna større koordinering i saka. Difor har ho no gripe inn for å samle partane i saka.

— Det er mange som sit på kvart sitt fagfelt. Vi må unngå at informasjon ikkje blir delt. Det er det vi håpar å oppnå no, seier Brosvik.

Ho er einig i at det har tatt lang tid.

— Kanskje burde vi ha tatt grep før. Vi har venta og venta på prøveresultat. No har eg ikkje lenger tolmod, seier Brosvik.

Hadde Gulen vore tettare befolka, ville det blitt sett inn meir ressursar på å løyse problemet, trur ordføraren. Ho ser ikkje vekk frå at kommunen kunne gjort meir tidlegare.

— Men det er vanskeleg for ein liten kommune som Gulen når det er ei så omfattande ulykke.

Tynnsliten tillit

Også Brosvik er irritert på at Vest Tank sjølve får lov til å levere inn prøver. Det er Karl-Jan Erstad i Rådgivande Agronomar som har tatt prøvene for Vest Tank. Han har også tidlegare vore konsulent for firmaet.

— Tilliten til Vest Tank er tynnsliten. Eg synest det er veldig pussig at forureiningstilsynet ikkje sjølv tar prøver, seier Brosvik.

Seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT meiner dette er vanleg prosedyre.

— Inntil vi ser det motsette, har vi tillit til at Vest Tank tar pålitelege prøver, seier Bjørnstad. SFT har denne veka kravd nytt materiale frå Vest Tank. Om resultata heller ikkje denne gong gir svar, blir oppdraget gitt til eksterne.

— Vi har ikkje analysekapasitet hos oss. Det vanlege er at bedriftene sjølve tar prøvene, seier Bjørnstad.

Miljøvernminister Helen Bjørnøy må gjere meir i Sløvåg-saka, meiner Frp.
Bergens Tidende