HANS K. MJELVA

— Er det her vi skal ha rådhuset, flirar Erling Mjelde (Ap) mot ordførarane Øivind Olsnes (H) frå Vaksdal og Kari Aakre (Ap) frå Osterøy.

Vi står i Trengereidskrysset, midt mellom Arna, Vaksdal og Tysse. Rådhuset kjem neppe til å stå her. Truleg vil det ligge i Arna, om det ein gong skulle bli noko av storkommunen prosjektgruppa til Kommunenes Sentralforbund (KS) teikna opp måndag.

Det som har kveikt Mjelde er ikkje leikekarta til KS, men at politikarane i Bergen har lagt ned bydelsstyra.

— Nærdemokratiet er vekke. Bydelsstyret her i Arna var det bydelsstyret som fungerte best av alle, seier Mjelde, som var bydelsstyreleiar fram til valet i fjor haust.

— Hadde de reell innverknad på eigen bydel?

— Ja, i aller høgste grad. Men no er jo alt sentralisert.

- Dei vil ikkje ut

I går sikra byrådet seg politisk fleirtal for å utsette gjenopprettinga av bydelsstyra. Byrådet vil ha tid til å finne ut kva form og innhald eventuelle bydelsstyrer skal ha i framtida.

Likevel blir det neppe aktuelt å gje bydelane tilbake makta over tunge postar som bydelsbudsjetta, seier byrådsleiar Monica Mæland

— Eg skjønnar ikkje kven i bystyret skulle ønske seg ein slik situasjon, seier ho.

Ho trur likevel ikkje folket i Arna vil følgje Mjelde i ønsket om å bryte ut av Bergen.

— Eg trur ikkje hans syn er representativt for Arna-folk. Eg trur folk i Arna kjenner seg som bergensarar, seier ho.

Det er ikkje historikar Svein Ivar Angell samd i. Han har skrive Arna bygdebok 1840-1972, som kjem ut i haust.

— Eg trur dei hadde ein sterkare lokalsamfunnsidentitet enn andre kommunar som vart trekt inn i 1972. Du kan til dømes sjå det på nynorskandelen, som har halde seg, seier Angell.

Han meiner vegutbygginga dei sist tiåra har gjort ei slik samanslåing som Mjelde brenn for meir aktuelt.

— Det er framleis ikkje bygd vegtunnel gjennom Ulriken, og det gjer at Ulriken framleis er eit fysisk og mentalt skilje mot Bergen. Kommunikasjonsutviklinga har vore betre andre vegen, seier Angell, og viser til Osterøybrua og langt betre vegar mot Vaksdal/Voss og Samnanger.

I køyretid ligg sentra i desse kommunane no like nær Arna som Bergen sentrum.

Krev å få Arna med

I dei kommunane som ein gong i framtida kan slå seg saman med Arna, er stemninga god for ein slik storkommune. Det vil seie, ingen av dei tre ordførarane går i dag inn for noko samanslåing.

— Men vi må ha ein strategi, for den dagen kan kome då vi ikkje har noko val, seier ordførar Kari Aakre (Ap).

Ho meiner ei samanslåing med Vaksdal og Samnanger kan vere fornuftig, men ikkje utan Arna.

— For Osterøy er det uaktuelt å forhalde seg til Vaksdal og Samnanger utan at Arna er med, seier Aakre.

Det finst djupe historiske band mellom Osterøy og Arna. Sørsida av Noregs største innlandsøy var fram til 1964 ein del av Haus kommune, saman med Arna.

Korkje Aakre eller ordførar Olsnes frå Vaksdal trur ei samanslåing vil skje med det første. Mjelde sjølv er svært så forsiktig.

— Blir det i mi tid vil eg seie det har skjedd fort, seier 63-åringen, som likevel byrjar arbeidet no.

— Eg kjem til å drive litt lobbyverksemd, ja, seier han.

MØTE VED SØRFJORDEN: Bystyremedlem Erling Mjelde (Ap) vil slå Arna saman med nabokommunane, og blir vel motteke av ordførarane Kari Aakre (Ap) frå Osterøy og Øivind Olsnes (H) frå Vaksdal.<br/> Foto: EIRIK BREKKE