Pengane har dei søkt frå miljøvernminister Erik Solheim.

Ti millionar skal gå til å sette fart i næringsutvikling i kommunen, og fem millionar kroner til å få innbyggjarane til å tenkje positivt om sin eigen heimplass.

— Eg syns det er forsiktig, slik vi brukar å vere. Desse ti millionane er ganske vesentlege i høve til det næringslivet i kommunen har vore utsette for, seier ordførar i Gulen, Trude Brosvik.

Resten av pengane skal gå til artigare ting, ifølgje ordføraren.

— Vi slit til og med blant dei som jobba i kommunen med å framstille oss sjølve i eit godt lys. Alt blir negativt, forbunde med eksplosjon, tvilsam drift, kriminalitet og sjukdom. Det er berre å søkje etter Gulen på internett, seier Brosvik.

Kravlista

I brevet frå eit samla kommunestyre til miljøverndepartementet, blir det retta fem krav til staten:

  • Ei helseundersøking av alle som har vore sjuke, i tillegg til eit langsiktig oppfølgingsprogram. Dette er på veg.
  • Staten tar ansvar for oppryddinga av området, og alt avfall blir fjerna snarast. Dette er også på veg.
  • Nye og strengare kontrollrutinar for lasting og lossing av slik last i norske hamner.
  • All opprydding i området må vere avslutta og nytt kontrollregime må vere utforma før nye løyver vert tildelt. Dette er lova av fleire statlege institusjonar.
  • Totalt 15 millionar kroner i «omdømmeerstatning».

Politikertvil

Den beste argumentasjonen er den Erik Solheim sjølv kom med, meiner ordførar Brosvik. Hadde Sløvåg vore i Oslofjorden, hadde det aldri tatt så lang tid før staten engasjerte seg, uttala Solheim på besøk i Gulen.

— Derfor bør staten vere med på å hjelpe til med å få opp omdømmet vårt, seier Brosvik.

Lokale stortingspolitikarar meiner utspelet er originalt, men er skeptiske til om det er ein god idé å drysse statlege omdømmemillionar over Gulen.

— Det er rettmessige krav, men dette er det mest utfordrande forslaget. Det kjem til å skape presedens, seier Erling Sande frå Senterpartiet i Sogn og Fjordane.

— Eit friskt utspel, men eg tvilar på om staten bør etablere ein praksis med omdømmeerstatning til kommunar, seier Gjermund Hagesæther (Frp), som sit på Stortinget for Hordaland.

Litt som Bjugn

Gulen-ordførar Brosvik bles av argumentet om presedens.

— Vis meg den bygda som kan skilte med så mange negative oppslag over eit år, seier Brosvik.

— Bjugn?

— Ja, nettopp. Det hugsar vi alle, sjølv om det er lenge sidan.

Å lage ting folk kan vere stolte av, er det viktigaste, meiner ho.

— Vi må skape ting som vi i kommunen kan samle oss om. Ei mellomting av fagleg utvikling og å ha det moro.

Heller enn omdømmeerstatning, bør enkeltpersonar få erstatning, meiner Gjermund Hagesæter.

— Er det nokon som skulle ha økonomisk kompensasjon, er det dei som har blitt sjuke og fått belastningar, seier Hagesæter.

Bergens Tidende fekk i går ikkje kommentar frå Miljøverndepartementet.

Bør Gulen få pengar til å betra ryktet sitt? Sei di meining her.

PENGESUGEN: 15 millionar kroner. Det er kva Gulen kommune vil ha frå staten, for å gje seg sjølv eit betre image. FOTO: MARIT HOMMEDAL, SCANPIX
Hommedal .Marit