— Vi gjer dette for å få ein så god og målretta innsats som råd mot unge som er daglegrøykjarar, seier Normund Svoen, skulelege i Flora kommune. Han har tatt initiativ til å få i gang røykjeavvenjingsgrupper i skuletida. Primært skal tilbodet bli gitt til elevar i 9. og 10. klasse, elevar som altså er 14, 15 eller 16 år gamle.

— For vaksne har avvenjingsgrupper vist seg effektive samanlikna med andre tiltak. Eg ser ingen prinsipielle grunnar som tilseier at slike kurs ikkje også kan haldast for unge, seier Svoen.

Ein av fem røyker

Flora ungdomsskule støttar tiltaket.

— Men det må sjølvsagt skje i forståring og samarbeid med foreldra, understrekar rådgjevar Guri Langaas.

Dei siste åra har skulen og helsetenesta arbeidd målretta for å få redusert talet på røykjarar. Sidan hausten 2000 har elevane gradvis blitt innlemma i «Vær røykfri»-aksjonen, og frå skulestart i år er alle klassane med på aksjonen. Satsinga på førebygging har gitt resultat. Ikkje minst har nyrekrutteringa til røykjemiljøet gått ned. Medan godt over 20 prosent av 9. klassingane var vanerøykjarar i 1998, var dette talet halvert i fjor.

Men kring 20 prosent av elevane ved ungdomsskulen i Florø sentrum er framleis røykjarar. Av den samla elevmassen på 400, er altså rundt 80 daglegrøykjarar. Dette er omtrent som landsgjennomsnittet.

— Vi håpar å presse talet på daglegrøykjarar ned mot 15 prosent, seier Svoen.

Effektivt

Skulen har søkt fylkeslegen om 35.000 kroner i tilskotsmidlar til førebyggjande og helsefremjande arbeid. Mesteparten av pengane skal brukast til å kjøpe fri ein lærar som skal drive avvenjingskursa.

— Det er første gongen vi har hatt inne ein slik søknad, seier førebyggingsrådgjevar Bjørg Eikum Tang hos fylkeslegen i Sogn og Fjordane. Ho ønskjer ikkje å forskottere avgjerda, men avviser ikkje at dei kan komme til å støtte den spesielle søknaden.

— Det er ingen tvil om at mange blir vanerøykjarar i ungdomsskulen. Søknaden frå Flora er gjennomtenkt, seier Eikum Tang.

I medvind

I tillegg til avvenjingsgruppene vil skulehelsetenesta og ungdomsskulen også fokusere på andre tiltak. Generell påverknad gjennom «vær røykfri»-aksjonen, alternative aktivitetar i pausar og friminutt og hardt press på informasjon om skadeverknadene av røyking er mellom tiltaka som skal redusere røykjemiljøet.

— Når elevane tek til på ungdomsskulen er det få som røyker. Det er i slutten av 9. og gjennom siste året at flest kjem til. Greier vi å hindre at dei unge tek til å røyke i denne alderen, er sjansen stor for at dei ikkje vil gjere det seinare heller, seier skulelege Normund Svoen. Til Bergens Tidende seier rådgjevar Guri Langaas at dei ikkje har undersøkt kor mange som er villige til å ta røykjesluttkurs.

— Dei startar vel ofte med røyking fordi dei syns det er tøft. Kor motiverte vil dei då vere for å gå på kurs for å slutte?

— Det veit vi rett og slett ikkje.