I oktober i fjor la Kommunenes Sentralforbund (KS) fram fleire alternative framtidskart for kommunane i Hordaland. No er forslaget om ein gigantkommune med Bergen og 19 omliggande kommunar vraka.

I går presenterte KS ein rapport frå Østlandsforsking, der dagens 32 kommunar i Hordaland er redusert til 12. Bergen er her slått saman med Askøy, men ikkje fleire.

Tvert om opnar rapporten for at Arna blir teken ut av Bergen og slått saman med Osterøy og Vaksdal. I seg sjølv er det ein liten siger til den politiske veteranen og bystyrerepresentanten Erling Mjelde (Ap), som vil ha Arna ut av Bergen.

Sjølv om både KS og kommunane sjølve no skal seie sitt, vil rapporten leggje mykje av grunnlaget for kva råd KS vil gje til regjeringa når dei skal levere sin endelege innstilling 30. april.

— Rapporten er ikkje basert på høyringsuttaler frå kommunane. Men vi kastar heller ikkje 450.000 kroner ut av vindauget. Så det Østlandsforskning presentert her er godt fagleg fundert, seier prosjektleiar Nurket Klem i KS.

Rapporten skal no drøftast i KS, saman med innspel frå kommunane sjølve. 25. februar sender så KS sin konklusjon på høyring til kommunane, som må svare innan 15. april. Så har prosjektgruppa to veker på seg før dei må sende innstillinga til regjeringa.

Prosjektet kom i stand som eit samarbeid mellom KS og Kommunal- og regionaldepartementet, og vil venteleg vere viktig når Stortinget skal drøfte framtidas kommunestruktur.