TERJE ULVEDAL

  • Ein køyretur på E39 gjennom dei fire vestlandsfylka kan om få år innebere 16 bompasseringar, 11 fleire enn i dag.
  • Berre utgiftene til bompengar og ferjebillettar vil gjere ein biltur frå Stavanger til Trondheim dobbelt så dyr som ei flyreise.
  • Høgres leiar i samferdslekomiteen på Stortinget, Petter Løvik, vil ikkje utan vidare seie ja til ein pakke med så mykje bompengar.

På eit møte mellom Vestlandsrådet og samferdselskomiteen på Stortinget måndag, kravde vestlendingane fem milliardar kroner av staten til opprusting av E39 dei neste ti åra. Som motyting skal Vestlandsrådet skaffe 4,7 milliardar. Pengane skal hentast frå lommebøkene til bilistane gjennom 11 nye bomstasjonar, i alt 450 millionar kroner i året i 15 år.

Når seks ferjer kjem i tillegg, vil ein køyretur frå Rogaland til Trøndelag bli ei dyr moro, dersom vestlandspolitikarane får det som dei vil.

Frå sør til nord

Dette er bompengeplanen Vestlandsrådet vil ha gjennom: Startar køyreturen i sør ventar to bomstasjonar i Rogaland. Eiganestunnelen nær Stavanger skal bompengefinansierast, det har politikarane lokalt i området alt gått inn for. Vidare er planen at bompengar skal betale halvparten av kostnaden med å byggje tunnel under Boknafjorden.

Over i Hordaland kjem først Trekantsambandet. På nye E39 frå Halhjem til Bergen er det planlagt ikkje mindre enn tre bomstasjonar, men den eine av dei vil i praksis vere bompengeringen rundt Bergen. Så følgjer Nordhordlandsbrua, vel å merke om ikkje brua er nedbetalt innan E39-prosjektet ser dagens lys. Men uansett, i Hordaland blir det altså minst to nye bommar å lette lommeboka i.

Etter å ha betalt for å krysse Sognefjorden med ferja frå Oppedal til Lavik, bør den før nemnde lommeboka liggje klar. Først dei eksisterande bompengane for å utbetre Lavik-Vadheim. Så kjem tre nye. Den første nær Førde. Vidare er planen å utbetre Lotetunnelen ved Nordfjordeid med hjelp av bompengar. Og frå før er det lokalt gitt grønt lys for bompengar på Kvivsvegen mellom Hornindal og Sunnmøre.

Det blir ikkje nett mindre i Møre og Romsdal. Første bommen ventar ved Ørsta. Deretter må trafikantane bla opp på strekninga Hjelset-Batnfjorden i Romsdal, ved Kristiansund og på siste del av stamvegen frå Nordmøre til trøndelagsgrensa.

— Til å grine blod av

Totalt er det altså snakk om 16 bomstasjonar. Av dei eksisterer fem i dag.

I tillegg kjem ferjene, ei i Hordaland (Sandvikvåg-Halhjem), to i Sogn og Fjordane (Oppedal-Lavik og Anda-Lote) og tre i Møre og Romsdal (Festøy-Solevågen, Vestnes-Molde og Halsa-Kanestraum). Berre to ferjestrekningar blir fjerna frå E39, Folkestad-Volda på Sunnmøre og ferja på Boknafjorden.

— Dette er til å grine blod av, seier leiar i samferdsleutvalet i Hordaland, Gustav Bahus (Frp). Hans parti er i prinsippet motstandar av bompengar, men har likevel stilt seg bak den storstila bompengefinansieringa av stamvegen sør-nord på Vestlandet. I følgje Bahus er grunnen at det ikkje er noko anna val:

— Kyststamvegen E39 er hovudpulsåra på Vestlandet. For å seie det slik: Dersom ikkje nokon fjernar innsnevringane på denne hovudpulsåra, vil pasienten snart få hjarteinfarkt.

Overfor Bergens Tidende understrekar Frp-politikaren at hans parti har stilt krav om at all bompengeinnkrevjing skal skje etterskotsvis.

— Det verste som kan skje er at det blir betalt bompengar i årevis på prosjekt som aldri blir fullført, seier Bahus.

- Nauda driv oss

Fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) i Sogn og Fjordane meiner også at det blir alvorleg mange bomstasjonar.

— Det er nauda som driv oss, vedgår Sandal, som var med då vestlandsfylka presenterte bompengeskissa på Stortinget måndag.

— Eg er klar over at dette blir ei alvorleg belastning - ikkje minst for næringslivet, men også for folk flest. På den andre sida er det heilt avgjerande å få E39 opp på ein standard som gjer at vegen kan tene som den sambindings- og eksportvegen den skal vere. Også næringslivet må ha ein veg som kan fungere som ei eksportåre til dei store hamnene mot kontinentet, seier Sandal.

Han understrekar likevel at det må bli lokal oppslutnad om dei mange bompengeprosjekta.

— Lokal forankring vil vere heilt avgjerande. Men styrken i dette prosjektet er at dei fire fylka på Vestlandet står skulder ved skulder i denne satsinga, seier Sandal.