Opplysningane om at mor til varaordføraren var kjøpar av den omstridte tomta kom overraskande på politikarane i komitè for plan og utvikling i Fjell.

Komiteleiar Anita Heggholmen (SL) var ikkje klar over bindingane då BT kontakta henne tysdag.

Same kveld vedtok komiteen samrøystes å få ein jurist til å gå gjennom alle dokument i saka.

Politikarane la på møtet ikkje skjul på at dei er urolege for kva som har skjedd i saka om tomta på Straume.

Daniel Victor Sandvik (Frp) forlangte umiddelbart at saka skulle nullstillast, og at ho måtte behandlast på nytt.

— Det er heilt klart at korkje fylkesmannen eller vi har visst om realitetane i saka, sa Sandvik, og viste til varaordførar Villanger sine interesser i saka.

Villangers partifelle Kjartan Algrøy (Ap) innsåg at folk flest kan kome på slike tankar, men forlanga at Sandvik som politikar burde ha dokumentasjon for skuldingane.

SotraLista-formann Svein Bergh var oppteken av at saka måtte rettast opp i.

— Viss vi som politikarar let att auga for dette, så ser det endå verre ut. Saka må tilbake til fylkesmannen, sa Bergh i tysdagens møte.

Ernst Einarsen (H) var ikkje einig i denne konklusjonen, og fekk til slutt med seg komiteen på at kommunen skal skaffe juristar til å gå gjennom alle dokumenta i saka.

Fylkesmannen har allereie sagt sitt i saka, og gjeve kommunen medhald. Han kritiserer kommunen for ikkje å ha sendt nabovarsel til Våge, slik han har krav på. Når Våge likevel ikkje får medhald, skuldast det at kommunen i klageprosessen svarer at innvendingane frå Våge ikkje ville ha endra utfallet i saka.