No skal tomtesalet granskast av eksterne juristar.

— Eg forventar rettferd for den meinige mann. Det er det det går på. Eg vil ha fred med naboar og ein fornuftig dialog med kommunen. Eg har ikkje bedt om noko anna, seier Hans Gunnar Våge.

Han er tydeleg forbanna på den måten han er blitt behandla av Fjell kommune. Sidan 1996 har han prøvd å få kjøpe ei nabotomt på Søre Straume, ei tomt kommunen sjølv kjøpte etter skjønn frå Våge-familien i 1978.

Våge vil bygge bustader i området, som ligg attraktiv til berre få minutt frå Straume - med utsikt mot Bildøy.

Men kommunen har ikkje vilja selje.

— Eg har berre fått avslag, eller ikkje fått svar i heile tatt, seier Våge.

I vår fekk han så høyre at komitè for plan og utvikling behandla ei sak der det kom fram at ein stor del av tomta hadde blitt seld til ein annan nabo. Fleire naboar hadde blitt varsla om salet, men ikkje Våge og mor hans.

Billegsal

Eigedomssjef Atle Justad i Fjell kommune seier den 400 kvadratmeter store tomta vart seld for 25.000 kroner, 64 kroner per kvadratmeter. Det er langt under marknadspris for bustadtomter i området. Våge meiner tomta kan vere verd inntil ti gonger så mykje som bustadtomt.

Salskontrakten med kommunen vart underteikna 1. juli 2004. Kjøpar var Mai Villanger, mor til Espen Villanger (Ap) som både dengong og no er varaordførar i Fjell.

Justad seier administrasjonen sjølv inngjekk salskontrakten, noko dei har fullmakt til for eigedommar under eitt mål.

- Bløff!

Eigedomssjefen stadfester òg at tomta aldri er blitt lyst ut for sal, og seier årsaka er så enkel som at «det hender folk henvender seg og spør om å få kjøpe kommunal eigedom».

— Arealet ligg liksom som eit naturleg tilleggsareal til den eigedommen som no har overteke det, meiner han.

— Men kvifor har ikkje Våge fått lov til å kjøpe?

— Eg har ikkje gått tilbake og sett på dokumentasjonen, men eg oppfattar det som at dei primært har ønskt å kjøpe ein annan del av tomta. Dette har vi sagt nei til fordi det kunne vere behov for å nytte det som areal til ein snuplass eller parkeringsplass ein gong i framtida, seier Justad.

— Det er bløff, seier Våge.

— Eg har sidan 1996 prøvd å kjøpe tilbake dei delane av eigedommen som ikkje vart brukt til kommunalt formål. Det kan ikkje vere tvil om det, seier han, og viser til talrike brev til kommunen.

- Har ikkje vore bort i saka

I breva til kommunen går Våge langt i å ymte om at kjøpar har fått tomta billig på grunn av Villangers posisjon i kommunen.

— Eg vil ikkje skulde Villanger, men eg må ha lov å setje spørsmålsteikn ved kommunens framgangsmåte i denne saka, seier han.

Villanger sjølv seier han ikkje har hatt noko med saka å gjere.

— Sjølvsagt ikkje. Eg ville jo vere inhabil i saka, seier Villanger, som heller ikkje forstår at Våge eller andre kan trekkje slike konklusjonar.

— Absolutt ikkje. Det har eg ingen forståing for. Eg kan godt skjøne irritasjonen over at han ikkje har fått vere med på å by på denne tomta, men at det skulle ha noko med meg å gjere er rett og slett ein frekk påstand, seier Villanger, som langt på veg er samd med Våge i saka elles.

— Det er lett å sjå at kommunen har opptredd klossete i denne saka. Viss kommunen skal selje tomter bør alle få høve til å by, seier han.

ATTRAKTIVT OMRÅDE: I eit område som Fjell kommune vil omregulere til bustadtomter, har kommunen seld ei 400 kvadratmeter stor tomt til langt under marknadspris.
RUNE SÆVIG