Så langt har deira eigen ordførar stått i eit ubehageleg fokus i Terra-saka, med sponseturar og mangelfull informasjon til kommunestyret.

Men no vil ordførar Kåre Olav Svarstad sine partifeller altså at både kontrollutvalet og kommunerevisoren skal få føle kritiske blikk retta mot seg.

– Negativ revisor

– Revisor har kome med svært negative uttalar i pressa, med fokus på einskildpersonar, betalte turar og liknande, sa Ap sin Nina Grotle da Bremanger kommunestyre drøfta Terra-saka tirsdag.

Men Ap fekk ikkje fleirtal for ei ekstern gransking av revisor og kontrollutvalets arbeid no. I staden skal kontrollutvalet granske praksisen rundt dei famøse Terra-turane vidare, og så skal saka vurderast på nytt på neste møte den 22. april.

Aksepterer kritikk

På møtet sa ordførar Kåre Olav Svarstad at han aksepterer kritikken som kontrollutvalet har retta mot han for manglande informasjon undervegs om Terra-engasjementa.

Kommunen må skrive av tap på 193 millionar kroner i 2007-rekneskapen, og har fått fire år på seg til å dekke inn dei samla tapa etter Terra-skandalen.

– Kommunen er blitt lurt

Dei folkevalde fekk tirsdag ei komlett orientering frå sin finansrådgjevar Tor Sydnes i Wassum Investment Consulting AS. Og det var ikkje noko vakkert testamente han gav Terra Securities:

– Jo meir eg har gravd i denne saka, jo styggare ser det ut. Kommunen er blitt lurt; det finnast ikkje andre ord for dette. Nokon bør stillast til ansvar, men så er jo Terra Securities slått konkurs, da, sa Sydnes blant anna.