Bølgjene har ikkje heilt lagt seg i Fjell, etter BT måndag fortalde om ein utbyggjar som følte seg trua av ein toppbyråkrat.

No krev kommunens største parti, Framstegspartiet, at plan— og utbyggingsetaten blir granska.

— I neste kommunestyremøte vil vi krevje at kontrollutvalet tek ein forvaltningskontroll av heile etaten. Der må dei gå gjennom rutinar og liknande, og eg vil tru at denne saka vil stå i sentrum for ei slik undersøking, seier gruppeleiar for Frp i kommunestyret, Georg Indrevik.

- Burde ikkje gått i media

Gruppeleiarane for Høgre og Arbeidarpartiet reknar begge med at deira parti vil støtte eit slikt forslag, som dermed etter alt å dømme blir vedteke.

— Ein generell gjennomgang kjem vi nok til støtte, men ikkje slik at ein granskar enkeltpersonar. Det er vi ikkje med på, seier Marianne Bjorøy, gruppeleiar i Arbeidarpartiet.

Dei sit med makta i Fjell kommune, i ein koalisjon saman med Sotralista, KrF og Senterpartiet.

Bjorøy er kritisk til at denne saka har kome fram i media.

— Mi personlege oppfatning er at det gangar ingen den framgangsmåten som er gjort her. Ein får ta opp slike saker i kommune internt først, og så eventuelt i avisa. Eg synest ikkje noko om det som står i avisa, men eg er samd i at viss er slike tilhøve i kommunen så må vi ta det opp på ein skikkeleg måte, seier ho.

Høgre fryktar ukultur

Lengre enn ein forvaltningskontroll vil ikkje politikarane gå, og viser til at dette no er ei personalsak som rådmannen har ansvaret for.

Men i Høgre er dei, til liks med Frp, kritisk til uttaler den omtalte toppbyråkraten, fagleiar for plansaker Einar Lunde, kom med i BT tysdag.

Lunde seier der at det ikkje er uvanleg at etaten gjer den type avtalar dei inngjekk med utbyggjar Gjerstad.

— Eg tykkjer det er veldig uheldig. Det blir då eit spørsmål om dette var eit eingongstilfelle, eller om det er praksis. For meg verkar det som om det er ein ukultur i avdelinga, og det er klart at det kan vi ikkje akseptere, seier Eli Årdal Berland, gruppeleiar for Høgre.