Leiar for den største fagforeininga i industribygda, Billy Fredagsvik, langa ikkje berre ut mot konsernleiinga i Hydro i går. Også regjering og storting fekk sitt under pressekonferansen, til dels i så sterke vendingar at det knapt er eigna for direkte sitat.

Fagforeiningane sin rapport konkluderer med at modernisering i Høyanger truleg er den mest gullkanta industriutbygginga i som kan gjerast i dagens fastlands-Norge. Ut frå dagens rammer ville eit modernisert Høyanger verk gje eigaren Hydro eit overskot på mellom 200 og 400 millionar kroner i året. Investeringa er stipulert til ein milliard. Kvifor vegrar selskapet seg likevel?

Må dele skulda

— Her er det skulddeling. På den eine sida har Hydro svikta oss, men det har sanneleg også regjering og storting på den andre sida, seier Fredagsvik til Bergens Tidende.

— Dette handlar om langt meir enn Høyanger. Det dreier seg like mykje om Norge i framtida skal ha noko industriutbygging i det heile.

Hovudpoenget i rapporten er at ei nedlegging av aluminiumsverket vil bli katastrofal for lokalsamfunnet, og at Høyanger er prosjektet der Hydro får mest igjen per investert krone i Norge.

— Utbygging i Høyanger vil vere ekstremt lønsamt, med ei avkasting på 22 prosent, sa Fredagsvik, og peika på at det er snakk om lågt kraftbehov, små investeringar og ikkje minst:

— Høyanger er heilt utan tvil det lokalsamfunnet som blir hardast råka ved ikkje å modernisere. Derfor må Hydro ta Høyanger først.

- Vil ofre Sognefjorden

Fordi Høyager-prosjektet er såpass lite, kan kraftbehovet utan større problem dekkast inn i dagens marknad, meiner rapporten.

— Vi kjem no til å kjøre hardt på for å få dei politiske fløyane til å ta ansvar og inngå eit energipolitisk forlik. Det er heilt nødvendig for å sikre framtida til den kraftkrevjande industrien her i landet. Dette handlar ikkje berre om oss.

De Facto-rapporten omtalar også det den kallar Hydro si gjeld til det norske samfunnet, og konsernets veg frå «demokratisk kapitalisme» til «desperat kapitalisme».

— Konsernleiinga tenkjer heilt annleis no enn for berre få år tilbake. BI-forskar Sverre Christensen hadde ei god analyse på dette fenomenet i gårsdagens BT, seier Fredagsvik.

— Hydro-policyen overfor alle delar av selskapet er at «Earn your right to grow». Kvifor gjeld det ikkje oss? Årdal og Høyanger har jo dei siste åra sendt milliardoverskot over fjella til konsernleiinga i Oslo. Personleg trur eg Hydro er villig til å ofre Sognefjorden (verka i Høyanger og Årdal, red. merkn.) for å oppnå betre vilkår for Karmøy og Sunndalsøra.

SAMLA FAGFOREINGANE: Saman med samtlege lokale politiske parti har fagrørsla i Høyanger slutta seg til eit felles krav om modernisering av aluminiumsverket. Lagnaden til Høyanger, Årdal og Karmøy er eit spørsmål om Norge skal ha framtidig industri eller ikkje, heiter det i oppropet. Frå venstre Billy Fredagsvik (Høyanger Kjemiske Industriarbeiarforeining), Arnhild Gundersen (Høyanger Merkantile Forening), Tor S. Halvorsen (Norske Sivilingeniørers forening), Jan Atterås (NITO), Oddvin Hovland (Forbundet for Ledelse og Teknikk). I midten forskar Idar Helle som presenterte De Factos rapport for dei tilsette i går.