OLAV GARVIK

Det var på ei samkome i Hordaland Nei til EU i går at den framståande KrF-representanten gjorde det klart at han ikkje hadde det minste imot å få EU-spørsmålet som dominerande tema i valkampen. Omsynet til regjeringspartnaren og ja-partiet Høgre måtte vera underordna.

Han sa samtidig at KrF «er og vil bli» eit nei-parti. Slik Sørfonn vurderer det, er det heller ingen grunn til å tru at statsministeren er i ferd med å bli ja-mann.

Spenning kring Venstre

— Er du like trygg på Venstre?

— Eg vonar at partiet held seg på plass der det står i dag.

Leiaren i Hordaland Nei til EU, venstremannen Oddvar Skre, var nokre hakk meir uviss på sitt gamle parti då han svara:

— Det er nok ein viss fare for at Venstre kan bli eit ja-parti, men førebels trur eg at nei-sida har eit visst overtak. Lars Sponheim har sjølv sagt at han er blitt ein meir overtydd nei-mann.

— Vil den komande EU-kampen bli ein reprise av den vi hadde i 1994?

— Nei, for denne gongen blir Noregs rolle i det internasjonale solidaritetsarbeidet mykje viktigare, sa Skre.

Sørfonn streka under at dei grunnleggjande spørsmåla som er knytt til demokrati, sjølvråderett og ikkje minst kontrollen med naturressursane er like sentrale for nei-sida som dei alltid har vore.

— Eg blir forresten så provosert kvar gong vi nei-folk blir presentert som isolasjonistar. Det har vi aldri vore! sa Sørfonn.

I bondeselskap

Nei til EU har fått kontorfellesskap med Hordaland Bondelag i den tradisjonsrike Åsegården. Det er ikkje noko slumpetreff, for etter det som vart opplyst er landbrukssamvirket no som før ein viktig økonomisk støttespelar. Medlemstalet er knapt 2000 på fylkesbasis.

Men organisasjonen har teke vare på dei gamle medlemslistene. I ein gitt situasjon kan dei vera gode å ha.

— Førebels er Nei til EU helst å rekna som ein beredskapsorganisasjon som satsar mest på å spreia kunnskap om EU-saka, sa Morten Havsgård som sit i styret.

Dei fleste i leiinga i Nei til EU har eller har hatt sentrale partiverv. Utanom venstremannen Skre gjeld det dei nye nestleiarane Anita Apelthun Sæle (KrF) og Steinulf Tungesvik (Sp). Medan Apelthun Sæle har lang stortingskarriere bak seg har Etnebuen Tungesvik både vore statssekretær og leiar i Oslo Senterparti. Morten Havsgaard frå Fusa er styremedlem med bakgrunn som leiar i Hordaland Senterparti.

Inn og ut av union?

Nei til EU har ambisjonar om å gjera seg sterkt gjeldande både i valkampen og i samband med 100-årsfeiringa for unionsbrotet.

— Er det ikkje litt paradoksalt at nokon freistar å få Noreg inn i ein ny union berre hundre år etter at vi endeleg greidde å koma oss ut av unionen med Sverige? undrast Oddvar Skre.