— Eg meiner vi må kunna nytta meir av oljefondet til realkapital i staden for til aksjar i utlandet. Og eg vil arbeida for å få dette inn i Nasjonal Transportplan, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Med andre ord: Liv Signe Navarsete vil henta pengar frå oljefondet og setja dei inn i utviklinga av vegar og jernbaner utanom rammene til det årlege statsbudsjettet.

Og kvar vil ho bruka pengane, om ho får det som ho vil?

På sparket svarar ho: Kyststamvegen, og så jernbanenettet rundt Oslo, som er i permanent krise. Særleg Oslo-Ski.

Støtte frå økonomar

No er rammene til statsbudsjettet sette opp for å hindra oppheting av norsk økonomi, med auka rente og prisgalopp som resultat. Men fleire leiande økonomar, som Øystein Dørum i DnB NOR Markets og professor Rolf Jens Brunstad ved NHH, meiner ei slik ekstrasatsing er mogleg likevel dersom utanlandske entreprenørar og utanlandsk arbeidskraft gjer jobben. Då vil dei ekstra milliardane, enkelt sagt, fara ut or landet utan å forstyrra balansen i norsk økonomi.

To tidlegare Ap-statsrådar, Per Kleppe og Gudmund Hernes, har også teke til orde for å prøva den løysinga.

— Får du resten av regjeringa med på å ta pengar frå oljefondet og nytta dei utanom ramme til statsbudsjettet?

— Det får vi sjå på. Vi skal drøfta dette utover hausten som ein del av arbeidet med Nasjonal Transportplan.

- Titals milliardar

Navarsete var i alle fall glad for at sjefen, statsminister Jens Stoltenberg, også lovar ei kjempesatsing på norsk samferdsle.

Stoltenberg tok i går eit langt steg i retning av det Navarsete meiner skal til for å få fart på norsk samferdsle. Det skjedde i ein tale til Arbeidarpartiets landsstyre.

— Vi treng ein auke i samferdsleløyvingane som gjer at vi samla kan bruka fleire titalls milliardar kroner meir på veg og jernbane i den tiårsperioden som gjeld for Nasjonal Transportplan, sa Stoltenberg.

— Dette er svært gledeleg, men eg er ikkje sikker på om han meiner vi skal ta inn ekstra midlar frå oljefondet, seier Navarsete.

Andre måtar å finansiera samferdsle på skal og drøftast i Nasjonal Transportplan. Til dømes offentleg-privat samarbeid (OPS), prosjektfinansiering og ulike former for lånefinansiering.

Heitt valkamptema

Stoltenberg er i alle fall med Navarsete på at store utanlandske entreprenørar skal inviterast til å gje anbod på norske samferdsleprosjekt. Navarsete har alt teke opp eit samarbeid med sin tyske kollega, Wolfgang Tiefensee, om dette. Store tyske entreprenørar skal få orientering om norske veg- og jernbaneplanar. Målet er å skapa interesse for å delta i konkurransen om oppdraga.

Som fagstatsråd har Liv Signe Navarsete rikeleg med saklege grunnar til å ønskje meir pengar til samferdsle. Men i tillegg merkar både ho og statsministeren det politiske presset frå opposisjonen.

— Samferdsle vert eit heitt tema i valkampen, seier Navarsete.