Bergens Tidende fortalte fredag om psykologistudenten Hedvig Svendsrud som vart offer for loddtrekkinga på Psykologisk fakultet ved UiB.

Harald Kobbe har jobba mykje med utdanningssaker i sitt advokatvirke. Han meiner at universitetet som ein rettssikkerhetsgaranti burde tilby vedkommande plass ved neste opptak. Kobbe fortel at dette har vore løysinga i andre saker der det har skjedd feil i søknadsbehandlinga. Han meiner den løysinga bør brukast òg i loddtrekkingstilfelle.

— Ikkje rimeleg

— Ein student bør kunna leva med å starta eitt semester seinare på grunn av loddtrekking. Men dersom studenten fell heilt utanfor, er det ikkje rimeleg. Difor bør studentar som taper loddtrekkinga få garanti om plass ved neste semester. Eg synest det er heilt rimeleg å forventa. Det er eit lite tal det dreier seg om, og det vil ikkje gå ut over andre studentar i neste konkurranse, forklarar advokat Harald Kobbe.

Advokaten meiner dette ikkje minst bør skje når det i dette tilfellet er snakk om omlegging av opptakskrava. Han meiner det vil vera nyttig å gjera ting på ein måte som ikkje skapar unødvendige vanskar for studenten. Han oppfattar ofte universiteta som byråkratiske, ikkje alltid lite villige til å finna praktiske løysingar.

Universitetet avviser

Fakultetsdirektør Audun Rivedal ved Psykologisk fakultet avviser at studentane bør få løyve om plass ved tapt loddtrekking.

— Det er fleire andre som vil meina det motsette. Det fins ingen opptak der det vil bli garantert plass ved neste opptak. Einaste unntak er om ein har fått plass, og får innvilga permisjon. Får ein ikkje plass, må ein søkja på nytt, seier Rivedal.

Direktøren meiner universitetet har full dekning for å gjera det slik. Han seier han ikkje kjenner til andre studiar der det blir gitt lovnad om plass i neste opptak etter loddtrekking. Om ein student skulle bli offer for feil frå fakultetet i samband med opptaket, medgir likevel Rivedal at dei truleg ville gitt lovnad om plass ved neste opptak.

— Synest de ikkje det er ein rimeleg måte å gjera det på?

— Dersom nokre vil fortelja oss ein betre måte, skal vi gjerne ta imot. Det er like tilfeldig om ein får 2,18 eller 2,17, som ved ei loddtrekning.

— Korleis vil de sikra at ein student ikkje havnar utanfor i loddtrekning i fleire ulike opptaksrundar?

— Vi har ingen garanti for at det ikkje kan skje.