Venstre vil innføre det dei kallar eit «kompetanseår» i skulen. Det vil seie at lærar med ei viss fartstid skal få eit års løna permisjon «til å styrke sin faglege eller pedagogiske kompetanse», som det heiter i ei pressemelding frå Venstre.

— Skal ein styrke skulen må ein byrje med å styrke lærarane. Eg meiner det er uansvarleg å la ein lærar undervise i ti-tjue år utan særleg fagleg eller pedagogisk påfyll, seier Lars-Henrik Michelsen, som er 3. kandidat frå Hordaland i årets Stortingsval.

Venstre ser for seg at 1000 lærarar får eit kompetanseår i første omgang, noko dei reknar med vil koste 400 millionar kroner.

— Over halvparten av lærarane i den vidaregåande skulen er over 50 år, så ein kan ikkje gje alle desse eit kompetanseår over natta. Då vil ein få ein enorm lærarmangel. Ein kan byrje med å dele ut 1.000 kompetanseår, for så å auke etter kvart, seier Michelsen.

Prorektor Anne Gro Salvanes ved Universitetet i Bergen samanliknar forslaget med tilhøvet for dei universitetslærarane.

— Ordninga for vitskapleg tilsette ved UiB fungerer slik at etter seks års tilsetjing kan dei søkje om eitt år til fagleg fornying, seier ho i Venstres pressemelding.

— Forslaget er interessant. Spesielt innan naturvitskaplege og matematiske fag er det eit enormt behov for auka kompetanse for lærarar på alle trinn. Etterutdanning og kompetanseheving av lærarar er viktig for å få opp interessa for realfaga blant lærarane i skulen, slik at dette kan bli overført til dagens barn og unge, seier Salvanes, som sjølv er marinbiolog.