Det er fylkespolitikarane som skal avgjere framtida til landets einaste trolleybusslinje. Dersom dei følgjer rådet frå fylkesrådmann Paul M. Nilsen, vil den elektriske bussdrifta halde fram – i alle fall fram til 2018.

Det var NRK Hordaland som i dag melde at fylkesrådmannen går inn for bergenske trolleybussar også etter 2015. Saka skal opp i Samferdselsutvalet i fylket førstkommande onsdag. I dag sponsar Bergen kommune trolleybussdrifta, i tråd med ein ti år gammal avtale. Berre i år kosta dette kommunen fem millionar kroner. I 2015 går avtalen ut, og byrådet i Bergen har gjort det klart at dei ikkje er interessert i å bidra til vidare drift.

— Fylket har nå ansvaret, og vi kan ikkje subsidiere dei lenger. Trolleybussen har absolutt hatt sin misjon, men vi kan ikkje la nostalgien avgjere. Bergen må ha det aller beste, og det er neppe trolleybussen lenger, uttalte byråd for byutvikling, klima og miljø, Filip Rygg (KrF), til BT i august.

Ikkje langsiktig satsing

Fylkesrådmannen er ikkje utan vidare samd med Rygg. Men han set eitt vilkår for at nedlegging kan unngåast: At fylket greier å framforhandle ein avtale med Tide Buss for vidare drift fram til 2018.

Fylkesrådmannen skriv i saksframlegget at han i dag ikkje kan tilrå ei satsing på trolleybuss i Bergen "på lang sikt". Han meiner elektrisk driven kollektivtrafikk gir ein "miljøeffekt som det er verdt å satse på". Men to konsulentrapportar har slått fast kostnadene vil bli høgare enn ved dieseldrift. Den eine rapporten har konkludert med at trolleybussane også kjem dårlegare ut når miljøgevinsten blir tatt med i reknestykket. Berre i år måtte fylket betale Tide 5,5 mill. kroner i ekstraløyvingar til linje 2. Samfunnsøkonomiske vurderingar gjer difor at Nilsen ikkje ønskjer seg ei langsiktig trolleysatsing nå.

I 2018 skal alle rutene for Bergen sentrum ut på nytt anbod, og då vil Nielsen ha trolleybusslinja inn i den runden. Fram til den tid ønskjer han at drifta skal gå som i dag.

Glede i Venstre

Nestleiar Alf Helge Greaker (V) i Samferdselsutvalet er glad for innstillinga frå Nilsen. I ei pressemelding skriv han at trolleydrifta ikkje må avviklast utan ei grundig drøfting først. Han meiner trolleynettet gir ein stor miljøgevinst, og at ei vidareføring vil frigjere biogassbussar slik at kollektivnettet i Bergen kan bli enda betre.

Greaker åtvarar mot å la ei vidareføring av trolleybussane til 2018 bli ei sovepute. Han meiner det nå er viktig å nytte tida effektivt, slik at ei endeleg avgjerd om framtida til dei elektriske bussane kan bli tatt raskt.

Treng vi trolleybussane? Sei di meining i kommentarfeltet!