Hilde Kristin Strand

Vasstemperaturen har no stige frå seks til 18-19 grader og skulderproblema er lækja. Men nye småproblem har dukka opp for mannen som planlegg å avslutta turen Sognefjorden på langs om ei veke eller halvanna.

— Om ettermiddagen, og berre då, kjem det hard vind ned fjellsidene som treff meg i andletet. Eg planlegg difor å symja to økter om dagen, ei om morgonen og så byrja den neste seint om kvelden, seier Pugh.

No sym han fire-fem timar kvar dag, og har lagt dei første tøffe 50 kilometrane bak seg. Måndag kjem han etter planen til Leikanger. Då skal mange skuleborn vera med og symja den siste biten med han.

— Det gler eg meg til, seier Pugh, og legg til at han satsar på sol og varmt vêr til han har avslutta rekordsymjeturen.

HARDHAUS: Lewis Gordon Pugh har framleis ei dryg veke att av symjeprosjektet sitt. ARKIVFOTO: KNUT STRAND