Statsråden pådrog seg dermed stor fallhøgd. Presseoppslag den siste tida sår tvil om regjeringa si vilje til å halda dei ferske lovnadane som ligg i NTP.

Meltveit Kleppa stiller på regjeringa sin budsjettkonferanse på Torbjørnrud om to veker, fullt klar over at det blir tøffe tautrekningar.

— Men eg har eit bilete på netthinna, av tre raudgrøne partileiarar som stolt presenterte NTP på toget til Ski, sa samferdsleministeren til ei rekordstor forsamling i Jernbaneforum 2010.

— Aviser du rykta om at Regjeringa ikkje kan levera når økonomien må strammast inn?

— Dei rykta er ikkje sett fram av meg. Heller ikkje av andre i Senterpartiet. Det er vist til kjelder i Arbeidarpartiet. Eg hadde helst sett at det var knytt namn til. Sjølv har eg ikkje delteke i diskusjonar om å redusera ambisjonane i NTP.

— Så faren er over?

— Så sant det står på meg, skal det ikkje reduserast ei krone i NTP, forsikrar statsråd Magnhild Meltveit Kleppa.