No kjem han truleg til å droppe planane i Leikanger og heller satse på badeland i Sogndal. Lie er møtt med sterke reaksjonar etter at la fram tanken om å bygge badeland på vakre Nokkaneset i Leikanger.

Han meiner framleis at dette er det beste alternativet, og reagerer særleg på at forskarar i Vestlandsforskning har slakta planane. — Men det er grenser for kor mykje motbør eg kan tole. Det må vere lov å spørje om dette skal vere forskarane si rolle i eit lokalsamfunn. Bygdene i Sogn er i ferd med å bli avfolka.

Når eg kjem med planar som kanskje gi eit bidrag til det motsette, så er forskaren sitt bidrag fullstendig latterleggjering, seier Lie til Sogn Avis.