— Eg kan ikkje begripe kva dei tenkjer på. Dette er Gilde på sitt verste, seier direktør Eivind Grov ved Alexandra Hotel i Loen, som i årevis har vore storkunde på Gildes pinnekjøt.

— Det er veldig synd dersom Gilde legg ned produksjon av pinnekjøt her vest. Eg kan vanskeleg sjå føre meg at vi vil servere våre gjester pinnekjøt som er laga på Tynset, seier mangeårig kjøkkensjef ved hotellet, Wenche Loen.

— Eg har prøvd det austnorske pinnekjøtet, og det er ikkje same produktet. Skjer dette, vil vi heilt sikkert sjå oss om etter andre leverandørar.

30 arbeidsplassar

På Nordfjordeid går 30 arbeidsplassar tapt når styret i Gilde Produksjon Likevel i neste veke venteleg legg ned anlegget. Skjer det, er kjøtsamvirkets største pinnekjøtprodusent på Vestlandet historie allereie neste jul, og størstedelen av produksjonen kan skje på Tynset.

Sjølv om det formelle nedleggingsvedtaket ikkje er fatta, reknar dei tilsette på Nordfjordeid med at det berre er ein formalitet. Nedlegginga er for lengst bestemt, meiner tillitsvald Asle Vedvik ved Gilde Produksjon Nordfjordeid.

— Vi har produsert pinnekjøt i meir enn 30 år, og veit kva smak, tradisjonar og kvalitet vestlendingane vil ha innbakt i dette produktet, seier Vedvik til Bergens Tidende.

Jul og tradisjonar

— Pinnekjøt frå Austlandet blir eit anna produkt, og kva tillit vil pinnekjøt frå Tynset ha her i vest? Vi snakkar jul og tradisjonar her. Vedvik fortel at dei tilsette ikkje har fått noko fornuftig grunngjeving for nedlegginga. Anlegget i Eid driv langt betre enn budsjett, er kjent for god kvalitet og har lokalitetar og fryseanlegg som vart oppgradert for millionsummar i 1998. No kan Gilde komme til å transportere sauekjøt i tonnevis frå Vestlandet til Tynset, foredle det og sende det tilbake til vestlandske juletallerknar. Uansett kor lite rasjonelt det blir, så trur Vedvik at anlegget på Nordfjordeid er dødsdømt.

— Både leiing og styre i Gilde Produksjon består av folk frå Gilde Hedmark og Oppland, og dette er ein maktkonstellasjon vi står heilt makteslause overfor, seier Vedvik.

Vil ikkje servere

Pinnekjøt er blitt stadig meir populært som julemat, og blir no konsumert i store mengder langt utanfor dei tradisjonelle områda. Gilde aleine leverer rundt 1000 tonn pinnekjøt årleg.

— Det er klart at vi helst ville at produksjonen av pinnekjøtet skal skje her på Vestlandet, men dette blir eit nostalgisk ønske, seier marknadsdirektør i Gilde Vest, Per Skårland.

— Slik marknaden og marginane er, må Gilde produsere på mest mogeleg lønsam måte. Det viktige er at kvaliteten er som den skal.

Skårland, som styrer innkjøpa av Gildes pinnekjøt her vest, vil altså ikkje rette direkte kritikk mot sine kollegar i Gilde Produksjon.