Tradisjonen tru opna også i føremiddag fylkespolitikarane tingseta med å syngje den kjende fedrelandssalmen. Det meiner SV-representanten Heidi Kathrin Osland det må bli slutt på.

– Vi må tenkje på at vi som fylkesting for Sogn og Fjordane representerer alle, sa Osland og bad fylkesadministrasjonen vurdere ei anna opning av tingseta.

Utspelet førte til himmelropande protestar, frå KrF og Frp.

– La oss no for Guds skuld halde på norske tradisjonar. Eg lovar ein hard kamp dersom dette blir prøvd endra, sa Jostein Kvalsvik (Frp).

– Eg hadde ikkje venta at også dette høvet skulle bli brukt til å krenkje dei kristne sine rettar, sa Svein Ottar Sandal (KrF).

Osland svarde at det ikkje dreiar seg om å krenkje:

– Dette dreiar seg tvert imot om respekt for andre.

Si din mening i kommentarfeltet under.