Det skjer ikkje over natta. Men samferdslefraksjonen i Høgre har fått så mykje vind i segla at dei no vil bort frå sjøen på strekninga Bergen-Stord.

Med landsmøtevedtak om storsatsing på stamvegar, vonar partiet i alle fall å få anleggsstart på brua over Langenuen, mellom Stord og Tysnes, inn i slutten av perioden til Nasjonal Transportplan. Det vil seia fram mot 2019.

Om Stortinget går med på det våren 2009, er ei anna sak. Men i Hordaland fylkesting torsdag 24. april vedtok eit breitt fleirtal å ta opp til vurdering ferjefri kyststamveg mellom Os og Leirvik.

Eit historisk vedtak. Det er dei samde om, Høgre sine fremste samferdslepolitikarar i Hordaland: fylkesvaraordførar Tom Christer Nilsen, byrådsleiar Monica Mæland og stortingsrepresentant Øyvind Halleraker. Fleirtalet strekkjer seg frå Frp og heilt over til Senterpartiet. 37 mot 20 røyster. Mindretalet er Arbeidarpartiet, SV og Raudt.

Bergen-Os først

Fylket var svært nær eit liknande vedtak så langt attende som hausten 1999. Men då valde Framstegspartiet til slutt å satsa på ferjene frå Halhjem.

Det ligg i det nye vedtaket at fylkestinget gjerne vil ha nyvegen Bergen-Os ferdigbygt først. Men når ein er komen så langt, og helst ikkje seinare enn 2014, bør alt liggja til rette for neste steg; veg med bruer over Samnangerfjorden, via Eikelandsosen og vidare til Tysnes og brua over Langenuen.

— Dette er eit framtidsretta og moderne opplegg. Vi skapar eit mykje betre samband mellom Bergen og Stavanger. Samstundes knyter vi søndre del av Hordaland tettare til Bergen, seier byrådsleiar Monica Mæland.

Planar gjev pengar

Øyvind Halleraker legg vekt på at Hordaland vil stå sterkt i kampen om stamvegmidlar dersom det vert lagt fram konkrete planar for nye vegprosjekt. Kostnaden med det ferjefrie sambandet er eventyrleg, men dei tre politikarane peikar på at viljen til eigeninnsats er stor hjå næringslivet på Vestlandet. Det vart ikkje minst understreka då NHO i Hordaland la fram ein rapport om ferjefritt vegsamband i fjor.

— Vegen Os-Leirvik vil liggja godt til rette for strekningsvise OPS-prosjekt (offentleg-privat samarbeid), seier Øyvind Halleraker. Då slår entreprenørar seg i lag, skaffar alle dei pengane som trengst for heile anlegget, og får maksimal framdrift. Det kortar anleggstida og aukar samfunnsnytten.

Godt OPS-prosjekt

Det siste er også samferdsleminister Liv Signe Navarsete samd i. På eit presseseminar i Trondheim torsdag sa ho til BT at nyvegen Bergen-Os til 3,4 milliardar kroner vil eigna seg godt som OPS-prosjekt, dersom noko slikt skulle verta aktuelt i Nasjonal Transportplan 2010-2019.

Navarsete ville ikkje ut med om ho kunne tenkja seg å foreslå dette. Men ho viste til undersøkingar frå Transportøkonomisk institutt som tyder på at samfunnsnytten av nye vegar svært ofte viser seg å vera mykje høgare enn det som er rekna ut på førehand. Samferdsleministeren nemner særleg føremonene for næringslivet ved kortare og betre veg.

På Bergen-Os vil dei positive utslaga med ny veg vera svært store, og det veit Liv Signe Navarsete.

PÅ VEG UT: Gassferjene til Fjord 1 på Halhjem-Sandvikvåg har fått mykje kjeft hjå brukarane for upåliteleg drift, sjølv om dei kortar tida over fjorden. Men dersom fleirtalet i fylkestinget får viljen sin, vert dette siste generasjon med ferjer på strekninga. ARKIVFOTO: OVE OLDERKJÆR
Bergens Tidende