Prosjektet «Trivselshagen i trivselsfylket» har klare nasjonale føringar. Forprosjekt Trivselshagen vart i går også omtala som eit nasjonalt prosjekt for utvikling av velferdstilbod i distriktskommunar. Dermed kan andre regionar i landet ta kopi av løysinga.

Ein fullsett multimediesal i Sandane Næringshage fekk høyre korleis eit spleiselag mellom kommune, fylkeskommune og stat kan realisere ein slik visjon, som kommunalminister Erna Solberg i februar i år kalla «eit nasjonalt pilotprosjekt innan distriktsutvikling».

Trivselshagen på Sandane har i alt seks byggesteinar under same tak. Det er kultur, idrett, helse, opplæring, forsking og kommersielle aktivitetar. Og synergieffekten for sambruk mellom alle desse aktørane kan gi innsparing i byggareal på heile 12.000 kvadratmeter golvflate.

Ordførar Anders Ryssdal i Gloppen karakteriserte prosjektet på i alt 15.000 kvadratmeter som i «grenseland mellom det mulege og umulege».

Med nye tilbod og etableringar kan Trivselshagen tilføre Gloppen inntil 50 nye arbeidsplassar. Fylkeskommunen må inn med 40 millionar; det same som Gloppen kommune og staten gjennom SIVA/SND og tippemidlar.

Lokale politikarar sa til BT etter presentasjonen i går at prosjektet er så viktig for kommunen og regionen at Gloppen kommune må vurdere å selja aksjar i Sogn og Fjordane Energiverk for å finansiere sin del, 40 millionar, av dette nasjonale pilotprosjektet.

PLANLEGGJARANE: Prosjektleiar Torunn Skarstad, styreleiar Sigmund Vereide og fagkoordinator Brynjulf Stige på tomta til Trivselshagen, med Firda vidaregåande skule og Nordfjord folkemuseum i bakgrunnen. FOTO: ØYSTEIN TORHEIM