— Vi ønskjer å gje den nye skulen, og elevane som skal gå der, ein annan identitet enn det vi får ved eit reint stadnamn. For eksempel ved å bruke namnet til ein av våre mest kjende og folkekjære forfattarar, seier opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld i Hordaland fylkeskommune.

Forslag

Derfor har Fjeld fremma forslag om at namnet blir endra frå Sørås videregående skole til Nordahl Grieg videregående skole.

Etter som tida har gått har opplæringsdirektøren kome til at det kunne vere greitt å få eit annleis namn enn det vanlege geografiske namnet, skriv opplæringsdirektøren i eit høyringsutkast som går til Statens navnekonsulenter på Vestlandet og Bergen kommune.

Namnekonsulentane er ikkje vilt begeistra, medan kommunen førebels ikkje har kome med si uttale.

Ungdommens mann

Opplæringsdirektøren skriv i sitt brev at Nordahl Grieg kan vere eit spanande namn, og peikar på at forfattaren vaks opp i det som var Fana kommune - der også den nye skulen skal ligge.

— Vi ser jo at andre har vald å namngje skular på denne måten, til dømes har dei brukt Olav Duun i Namsos, seier Fjeld. - Derfor håpar vi at det går an å få til noko liknande her også.

— Men kvifor Nordahl Grieg, han budde jo aldri på Sørås?

— Nei, men i Fana og ikkje så langt unna. Nordahl Grieg har alltid vore ein representant for ungdommen, og han står på pensum ved dei fleste vidaregåande skular, vil eg tru.

Politisk sak

Overfor Bergens Tidende poengterer Fjeld også at det nye namneforslaget vil vere meir universelt.

— I resten av landet er det gjerne ikkje så mange som forbind namnet Sørås med bergensområdet. Nordahl Grieg, derimot, er uløyseleg knytt til Bergen, seier Fjeld. - Vi snakkar om ein av våre mest folkekjære fridomsdiktarar frå krigens dagar.

Politikarane i Hordaland fylkeskommune kan i prinsippet fritt bestemme kva namn dei vil gje sin nye skule. No vil Fjeld først sjå kva uttalar som kjem inn, og deretter avgjere om han skal fremme forslag om å endre namnevedtaket frå 2002.

- Ikkje tradisjon

Og stadnamnkonsulent Ole-Jørgen Johannessen er heilt klar: Sørås bør vere namnet.

— Skulen ligg på Sørås i Fana, og det vanlege er å bruke stadnamnet i namnet på skulen, seier Johannessen til Bergens Tidende.

Han meiner at det ikkje er nokon tradisjon for å bruke namn på kjende personar på offentlege vidaregåande skular.

— Visst har vi hatt mange skular med namn etter meir eller mindre kjende personar. Men så langt eg kjenner til, har dei då vore kalla opp etter eigaren eller grunnleggjaren skulen, seier Johannessen. - Tradisjonen er å bruke stadnamn på offentlege skular.

— Opplæringsdirektøren meiner at Nordahl Grieg-namnet vil gje skulen ein meir tydelegar identitet?

— Det argumentet kan også snuast. Når vi tilrår å bruke stadnamnet, er det nettopp på grunn av den lokale identiteten, seier namnekonsulenten. - Og dessutan; Nordahl Grieg vart fødd på Møhlenpris, ikkje i Fana.