Det kan høyrast ut som ein vill idé, men Eriksen har allereie lese seg opp på det meste som har med ubåtar å gjera. I ei lita leiligheit på Laksevåg har 27-åringen planlagt og kalkulert i eit halvt år, og han står sjølv for designet. Leverandørar til alt utstyr er kontakta, og no treng han berre ein stad å byggja båten for å komma i gong.

Om eitt års tid håpar Eriksen at han skal setja seg i sin eigen ubåt, og dykka ned til 400 meters djup.

— Eg kunne jo alltids kjøpt ein båt, men då må ein i alle fall opp i millionklassen. Då er det betre å laga sin eigen, seier Eriksen.

- Men kvifor byggja ein ubåt?

— Kvifor ikkje?

Ikkje tilgjengeleg for alle

Interessa for det som skjer under vatn har han hatt med seg heile livet.

I 2005 byrja han med dykking, men 20 meters djupne er ikkje nok for Eriksen. Han vil lenger ned langs havbotnen, og slik kom ideen om ubåt.

— For fire år sidan bygde eg og ein kompis ein open ubåt som var ein torpedoliknande farkost. Den kunne me bruka med dykkarutstyr på, og køyra langs havbotnen, fortel Eriksen.

Men heller ikkje på den måten kom han seg lenger ned enn 20 meter, og ikkje kunne han vera lenge. Med den nye båten kan han vera under vatn i opptil eit døger.

— Det er rett og slett berre spennande å vera på havbotnen, og sjå ting som ikkje er tilgjengeleg for alle, seier Eriksen.

TORPEDO: Dette er den andre ubåten Eriksen lagar. Ein sommar laga han og ein kompis ein open ubåt som dei kunne dykka i.
Privat

Han håpar å kunna bruka ubåten til å leita etter båtvrak frå krigen og andre ting som måtte liggja på havbotnen, og reknar med å installera ekkolodd, skanner og kanskje også sonar i båten.— Langt over 90 prosent av havet er uutforska. Det hadde vore kjekt å bidra til å få ned den prosenten, seier Eriksen.

Jobbar med ubåthjernen

I utgangspunktet hadde han tenkt å nøya seg med å komma 100 meter ned i havet, men etterkvart som han undersøkte, såg han at 400 meters djupn er heilt oppnåeleg.

- Kva finn du på 400 meters djup då?

— Nei, det er jo det eg skal finna ut av.

PASSASJER: Det er plass til to i ubåten, men berre såvidt. Passasjeren må liggja langs golvet, under føraren. - Eg håpar jo eg får nokon med meg, seier André Eriksen.
Privat

Ein del bakgrunnskunnskap har Eriksen. Han har fagbrev som industrimekanikar, og er utdanna maskinteknikar og maskiningeniør. Men mykje har han måtta lesa seg opp på på eiga hand.Han har allereie byrja å jobba med finelektronikken, det som skal bli sjølve hjernen til ubåten, heime på Laksevåg.

— Det er veldig mykje forskjellig som skal gjerast, så eg kjem nok til å læra mykje undervegs, seier Eriksen.

Rundt eitt år reknar Eriksen med han treng for å få bygd ubåten. Han arbeidar offshore som ROV-pilot, og har difor lange friperiodar heime.

— Om eg berre får eit lokale å jobba i, blir det fulle arbeidsdagar kvar dag, reknar eg med.

Søkjer passasjer

Etter planen skal det bli plass til to i ubåten, som skal vera nesten tre meter lang og halvannan meter brei. Passasjeren må rett nok liggja langs golvet i båten, men får god utsikt i eit vindauge framst.

- Men kjem nokon til å våga å bli med?

— Eg håpar jo det. Men det er klart, det må vera nokon som har trua, seier Eriksen.

Han understrekar at sjølv om han skal laga båten heilt frå grunnen, skal alt testast grundig før den blir sett på sjøen.

— Den skal gjennom testast på opp til 600 meters trykk, og det skal vera backup på alle system. Eg kjem ikkje til å hoppa i sjølv heller, før eg veit at alt er 100 prosent sikkert, seier Eriksen.

EIGE DESIGN: Slik skal ubåten etter planen sjå ut. Det er Eriksen sjølv som står for designet. - Eg er sjølvsagt inspirert av andre, men denne er unik, seier han.
Privat
LITEN: Tre meter lang og halvannan meter brei. Det blir storleiken på ubåten. Akkurat stor nok til å romma to menneske.
Privat