Sist veke var ein delegasjon frå det sør-afrikanske universitetet i Bergen for å signere ein utvekslingsavtale.

Avtalen inneber også at studentar frå Zululand kan kome til Bergen, og at forskarar frå fleire fagområde får høve til forskingsopphald. Frå før har Universitetet i Bergen (UiB) utvekslingsavtalar med fem sør-afrikanske universitet. Men Unizul er det første svarte universitetet dei samarbeider med, skriv nettavisa for universitetet, På Høyden.

— Dersom vi berre fokuserer på dei tradisjonelt kvite universiteta står vi, utan å ville det, i fare for å reprodusere ulikskapane frå apartheid-tida. Om vi skulle avgrense oss til dei tradisjonelt kvite eliteuniversiteta, ville vi dessutan få eit veldig smalt innsyn i det akademiske livet i Sør-Afrika, seier professor Nils Gilje ved Institutt for kulturstudier og kunsthistorie til På Høyden.

Universitetet i Zululand har frå før avtalar med fleire amerikanske universitet. Internasjonalisering av utdanningsinstitusjonane er eit mål for den sør-afrikanske regjeringa.