— Ein framgang frå 10,2 til 12 prosents oppslutnad er oppmuntrande, og sporar til innsats i valkampen. Vår målsetjing er seks mandat, seier toppkandidaten til Voss Høgre, Aud Walaker Hutchinson, til Bergens Tidende. Ho tolkar meiningsmålinga slik at veljarane er på glid, og det skal ikkje så mykje til før nye samarbeidskonstellasjonar kan overta makta.

Også Leif Arne Vangsnes, som toppar Framstegspartiet si liste, har seks mandat som målsetjing, dobbelt så stor gruppe som i dag.

Partiet gjekk fram frå 6,6 til 10 blank ved Stortingsvalet for to år sidan, og Vangsnes er ikkje nøgd med 11,3 prosent no, sjølv om dei kuttar kraftig på Høgre sitt forsprang.

Vangsnes ser ikkje for seg at han, slik som onkelen Peder, skal ta plass i ordførarstolen, i alle fall ikkje i komande periode.

Hutchinson er oppteken av å skaffa god økonomi for prosjekta som er på gang. Vangsnes kan akseptera det statlege asylmottaket på Bulken, men meiner Voss må vera varsam med å busetja fleire asylsøkjarar i kommunen.