— Vi planlegg ein demonstrasjon og kjem til å stille i Naustdal og markere oss når statsråden kjem, seier leiar for Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord, Oddvar Etnestad.

Han karakteriserer møtet som gruveutbyggaren har fått i stand med statsråden som svært «spesielt».

- Opptrer offisielt

Sjølv om møtet skal finne stad på rådhuset i Naustdal, er det selskapet Nordic Mining som har invitert og som sit med regien. Korkje kommunepolitikarar eller andre lokale organisasjonar var informert om møtet før det vart annonsert på Kommunal- og regionaldepartementets heimesider i romjula.

Her heiter det at «også representantar frå kommunar, lokalt næringsliv og miljøinteresser» skal delta. Men så langt har ingen av miljøorganisasjonane i området eller Vevring grendelag motteke invitasjon.

— Vi er ikkje inviterte, og vi kjenner ikkje til at nokon andre frå lokalmiljøet er det, seier Oddvar Etnestad i Naturvernforbundet.

— Det er ei oppsiktsvekkjande sak når Navarsete einsidig takkar ja til invitasjon frå ein utbyggjar i ei så stor og kontroversiell sak. Her får utbyggjaren avgjere dagsorden, og får leggje fram si sak medan motinteressene blir utelukka. Vi må hugse at ho her opptrer offisielt som statsråd, og ikkje som partileiar.

— Ikkje naturleg å invitere

Administrerande direktør Ivar Sund Fossum i Nordic Mining svara ikkje på våre oppringingar i går, men sa til NRK at det ikkje var naturleg å invitere skeptikarar og motstandarar til møtet og synfaringa i Naustdal kommande måndag.

Ole Erik Thingnes er leiar for Vevring grendelag og kommunepolitikar i Naustdal, og hadde ikkje høyrt noko som helst om statsrådmøtet før onsdag denne veka. Grendelaget har tidlegare i haust gått ut i Bergens Tidende og hevda at den kommunale handsaminga av saka lir av eit demokratisk underskot, og at samrøret mellom kommuneleiinga og Nordic Mining har vore altfor tett.

— Dette er jo eit prakteksempel på at våre påstandar stemmer. Eg er atter ein gong forferdeleg skuffa over måten kommunen opptrer på, og vi ser igjen at den eine sida får fritt spelerom, seier Thingnes.

— Og denne gongen er det i direkte møte med statsråden.

Departementet jobbar

Han meiner saka har vore alt for lite debattert i dei politiske organa i kommunen, og at det ikkje er nok med informasjonsmøte og folkemøte.

— Som politikarar har vi ikkje hatt nokon prinsippdiskusjon, sjølv om dette er ei stor og inngripande sak. Dersom ordføraren eller andre kommunepolitikarar opptrer i møtet mellom statsråden og selskapet, så er det faktisk utan noko mandat frå fleirtalet i kommunestyret i ryggen, seier Thingnes. - Det er skremmande at det blir slike tilstandar rundt eit så viktig møte, seier han.

Senior kommunikasjonsrådgjevar Sissel Mossing i Kommunal- og regionaldepartementet blir overraska når ho høyrer frå Bergens Tidende at ingen miljø- eller motinteresser er invitert til møtet i Naustdal, slik som departementet sjølv skriv på sine nettsider.

— Ikkje? Det var rart. Eg rekna som sjølvsagt med at møtet blir ope for media og andre. Kan eg kome tilbake til deg? Eg berre må ta ein telefon, seier Mossing.

Få minuttar seinare ringer ho tilbake.

— Vi jobbar no med saka, og håar på å få miljøorganisasjonane invitert. Eg sender ei melding når dette er avklara.

Underlid får delta

Kommunal- og regionaldepartementet melder nå at Arne Underlid, som leder Vevring og Førdefjorden miljøgruppe, skal delta på møtet.