Atle Tokvam vil laga ei rekke piktogram ved å planta ulike plantar i vegskråninga langs Aurlandsfjorden – frå Flåm og halvvegs til Aurlandsvangen. Her er det laga gang— og sykkelveg, og E16 er utbetra med massar frå den lengste vegtunnelen i verda.

På den nær fire kilometer lange strekninga vil Tokvam prøva å fortelja turistane litt noregshistorie. Han vil velja plantane slik at bileta skifter farge med årstidene, og detaljar som kan vera diffuse om våren og som kjem klårare fram om hausten, eller omvendt.

Ikkje alle begeistra

Ikkje alle er like begeistra for tanken om kunst i stort format i fjordkanten, i den majestetiske naturen. Men både kommunen og det lokale reise- og næringslivet har tru på at eit slikt innslag heller vil vera attraktivt for turistane, og ikkje støyta dei bort. Difor har dei spleisa på plantekostnadane.

Ved vegkontoret på Leikanger er Johannes Reinen skeptisk.

— Dei inngrepa vi er nøydde til å gjera i naturen for å føra fram ein veg, legg vi vekt på å reparera ved at naturen får overta skråningane att. Dette blir å gå stikk motsett veg, seier Reinen til Bergens Tidende.

Ber om planteløyve

Han har fått brev frå ordførar Ivar-Bjarne Underdal som ber om planteløyve denne veka.

— Dryger det lenger, kan det bli for seint i planta i haust, og vi misser eit heilt år, seier Atle Tokvam til Bergens Tidende.

— Noko svar denne veka kan vi ikkje lova, seier Reinen.

Han er ikkje sikker på om vegkontoret vil ta avgjerda åleine, eller om saka bør sendast til Vegdirektoratet for prinsipiell avklaring.

Han trur ikkje at figurane vil representera nokon trafikkfare, slik dei er tenkt planta nedanfor autovernet og lite synleg frå vegen. Men han er skeptisk til naturperspektivet og uvissa om kven som må kosta framtidig vedlikehald.

Ordførar Underdal skriv i brevet sitt at kreative folk og private sponsorbidrag har i seg eit element av impulsivitet som lett vert drepen av byråkratiske og tidkrevjande avgjerdsprosessar.

Det er difor ikkje slik at eit prosjekt kan leggast i fryseboksen og tinast opp att til neste haust, skriv ordføraren.

NYE TILTAK: No kan trekyrkja i Flåm få konkurranse med andre turistfremjande tiltak i bygda.
FOTO: HELGE SUNDE