Han meiner Solund, der Vestavind har søkt om å få føre opp inntil 75 vindturbinar i Ytre Sula, er eit døme på eit slikt naturområde.

— Ytre Sula er ei øy som frå naturen si side er vanskeleg tilgjengeleg. Etablering av vindindustri kan gjere det enklare å bruke området, seier Sandvik.

Møllene på Ytre Sula kan bli 160 meter høge. Til alle skal det byggjast veg fram. Under kvar turbin skal det planerast eit område som er på storleik med ei handballbane. Truleg må det også byggjast eit nytt kaianlegg.

Betaler 10 millionar

På Smøla i Møre og Romsdal driv Statkraft det som så langt er det største vindkraftanlegget i landet. 68 vindmøller produserer kraft til 22.500 husstandar.

— Vindmøller legg i dag beslag på eit stort område på Smøla. Bygginga av vegar fram til møllene og andre tiltak, har gjort at folk brukar naturen på øya meir enn før, seier Sandvik.

I Ytre Sula vil Vestavind byggje eit like stort vindindustrianlegg som Statkraft driv på Smøla. Selskapet planlegg også vindkraftanlegg på Radøy, Fedje, i Bremanger og Selje.

Måndag var Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på synfaring på Fedje. I går var dei i Solund, og i morgon står Selje for tur. På alle stadene har det vore halde folkemøte.

Mest omfattande er planane i Solund. Saman med eit anna stort prosjekt som Agder Energi vil gjennomføre i øykommunen, kan eit areal tilsvarande nesten halve kommunen bli dekka av meir enn 130 vindturbinar på 120 meters høgde.

Som meldt i Bergens Tidende tilbyr Vestavind Solund kommune 10 millionar kroner i året i konsesjonsperioden, dersom dei får grønt lyst for vindkraftanlegget i Ytre Sula.

Eksport

— Utbygging av vindkraft skal etter mitt syn bidra til å utvikle lokalsamfunna ved å skape verdiar der. Men det er også eit anna mål med utbygging av vindkraft. Denne energiforma skal bidra til å oppfylle dei klimaplikter nasjonen har teke på seg, seier Håkon Sandvik.

Han vedgår at mykje av vindkrafta som er sett i produksjon og kjem til i åra frametter vil gå til eksport.

— Vindkrafta skal auke innslaget av fornybar energi. Vi reknar med at det innanlandske behovet for kraft vil auke. Men til det skjer vil nok ein god del av denne krafta bli eksportert. Men etter mitt syn blir dette ei litt underleg problemstilling. Vi pumpar ikkje olje og gass opp av Nordsjøen berre til eige bruk.

Sandvik seier det ikkje er opp til utbyggjarane å vurdere om planar i eitt område kan bli for omfattande. Han viser til at styresmaktene har gitt grønt lys for å satse på vindkraft.

— Då er det vår oppgåve å finne og vurdere område som kan vere gunstige å byggje ut. Men det blir opp til styremaktene å vurdere kor mykje som skal byggjast ut. Blir planane for omfattande i eit område, må dei seie stopp.