Terje Ulvedal

I går presenterte Sogn og Fjordane Kunstmuseum planane for eit bygg til 55 millionar kroner. I følgje søknaden om økonomisk medverknad på 25 millionar kroner som no er sendt fylkeskommunen, skal bygget ha arkitektoniske verdiar og kvalitetar som gjer det attraktivt og åleine verdt eit besøk.

— Bygget skal bli eit landemerke i Sogn og Fjordane og sende signal om tradisjonane, den kulturelle krafta og verdiane bygget inneheld.

Planen er at staten skal inn med 20 millionar og Førde kommune med 10 for å få realisert planane om ein kulturdel i eit stort nybygg som er under planlegging.

Nasjonal konkurranse

Saman med gårsdagens prosjektpresentasjon blei det også lagt fram skisser som viser eitt utkast til korleis den store tomta kan utnyttast. Dette er laga av arkitektfirmaet Arki. Men styreleiar for kunstmuseet, Arild Bergstrøm, understrekar at det slett ikkje er sikkert at dette alternativet blir valt.

— Desse skissene illustrerer ein måte å nytte arealet på. Vi ønskjer ein arkitektkonkurranse av nasjonalt omfang om utforminga av bygget, seier Bergstrøm.

Den store tomta midt i Førde sentrum er ledig etter at Sogn og Fjordane Meieri la ned anlegget. Som næraste nabo ligg Sunnfjord hotell og busstasjonen. Sogn og Fjordane Kunstmuseum meiner plasseringa er tilnærma optimal.

— Lokaliseringa kan bidra til at museet blir ein sentral møteplass nær kommunikasjonssenter og andre sentrumsfunksjonar.

Ingen tidshorisont

Det lokale selskapet Futurum AS eig den fem mål store tomta, og samarbeider med Sogn og Fjordane Kunstmuseum om eit bygg som i tillegg til den museale delen også skal romme forretningar, kontor og ein bustaddel. Bak Futurum står åtte aktørar innan eigedomsbransjen i Førde.

— Noko av det mest spennande i dette prosjektet er samarbeidet med Futurum. Dette er to organisasjonar med ulik bakgrunn og føremål, kommenterer Bergstrøm. Han viser til at eit kunstmuseum lokalisert i kombinasjon med andre verksemder som kontor, husvære eller andre kulturinstitusjonar er i tråd med ei utvikling som no skjer både nasjonalt og internasjonalt.

Til Bergens Tidende seier Bergstrøm at dei så langt ikkje har nokon tidshorisont for kor tid bygginga kan komme i gang:

— Vi er avhengige av både lokal, regional og statleg støtte for å få dette til. Dersom ikkje Førde kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune viser klar vilje til å få dette gjennomført, trur eg det blir svært vanskeleg å staten med.

HER ER TOMTA: Dette området midt i Førde sentrum er Sogn og Fjordanes mest attraktive tomt. Eit lokalt selskap kjøpte tomta då meieriet blei lagt ned.

EIVIND H. NATVIG (foto)

IDÉSKISSE: Slik tenkjer arkitektfirma ARKI seg å bruke tomta. Sogn og Fjordane Kunstmuseum vil ha ein nasjonal arkitektkonkurranse for å reise eit signalbygg for fylket.

EIVIND H. NATVIG (foto)