Det var samferdsleminister Liv Signe Navarsete sin politiske rådgjevar, Anja Kristin Salte Hjelseth, som fortalde dette i føremiddag.

Mellom dei som fekk greie på dette var regiondirektør Lars Chr. Stendal i Jernbaneverket og Kjersti Toppe, som er Hordalands Sps kandidat til stortingsvalet.

Anja Kristin Salte Hjelseth kunne ikkje seia noko om korvidt dobbelsporet gjennom Ulriken kjem med i fyrste fireårsperiode av Nasjonal Transportplan. Det vil seia, med anleggsstart seinast i 2013. Ho viser til stortingsproposisjonen som regjeringa skal leggja fram i mars.

Fyrste perioden

– Men når samferdsledepartementet har gjort seg umak med å behandla ferdig kvalitetssikringa (KS1) før framlegginga av NTP, tyder det på at tunnelen vert prioritert i fyrste perioden, seier Kjersti Toppe.

NY KORRIDOR: Slik har veieksperter sett for seg løsninger mellom Bergen sentrum og Arna. Grafikken er laget i 2007.

Det skulle også berre mangla, meiner ho. Regjeringa har lova «fleire titals milliardar kroner» til veg og jernbane i NTP 2010-2019. Nesten alt skal brukast på Austlandet.Dobbeltsporet gjennom Ulriken er det einaste klart definerte jernbaneprosjektet i og rundt Bergen.

Fleire tog Arna-Bergen

Regiondirektør Lars Chr. Stendal er godt nøgd med opplysningane frå regjeringa.

Arbeidet med reguleringsplanen for tunnelen er i gang, og anleggsarbeidet kan ta til i 2011. Tunnelarbeidet kan då fylgja som ei direkte fortsetjing av det nyleg oppstarta arbeidet med teknisk opprusting av strekninga fram til Fløen.

Prisen er rekna til litt over 1 milliard kroner.

Dobbeltsporet gjennom Ulriken vil fyrst og fremst gjera det mogleg å auka avgangane til lokaltoget Bergen-Arna. I tillegg vil den nye tunnelen skapa betre vilkår for avviklinga av godstransporten på Bergensbana.

Men dobbeltsporet gjev oss ikkje kortare reisetid mellom Bergen og Oslo.

Tilrådde vegtunnel

I vedtaket om dobbeltsporet gjennom Ulriken har regjeringa gått på tvers av tilrådinga frå den eksterne kvalitetsrapporten, som er laga av Dovre/TØI.

– Rapporten tilrådde å satsa på vegtunnelen. Samfunnsøkonomisk ville det vera meir lønsamt, og det ville gjera ny jernbanetunnel overflødig. Men regjeringa er altså usamd i dette, seier Hjelseth.

JOHN LINDEBOTTEN