Skjeldbred vil byggja den nye brua tett inntil dagens bru, om lag slik den nye Puddefjordsbrua vart kopla til den gamle. Mellom dei to bruene har han tenkt å leggja gang— og sykkelveg.

Innspelet frå Skjelbred kjem i ein fase der kommunane Bergen, Øygarden, Fjell og Sund har fått oversendt framlegg til planprogram frå Statens vegvesen. 20 alternativ er skore ned til 8, om lag likt fordelt på ny bruer og undersjøiske tunnelar. Prisen for dei ulike alternativa har ingen rekna på nøyaktig så langt. Men grove overslag peikar mot ei investering på vel 2 milliardar kroner. Det er medrekna nye vegar frå Kolltveit nordover mot Ågotnes og sørover mot Sund.

Byggjetid to år

Terje Skjelbred sitt innspel gjeld berre sambandet frå Bergen over til Sotra.

– Prisen på brua er 400.000 kroner meteren. Det vert 480 millionar kroner for 1200 meter bru. Så har vi tunnelane. På Bergenssida går vi inn i fjellet framfor Rema 1000. Då forstyrrar vi ingen som bur der. Vi kjem ut att ved Storavatn.

– På Sotra-sida går vi i tunnel til Arepollen. 50.000 kroner meteren. Då kjem vi opp i 650 millionar. Og dette byggjer vi på to år, seier senioringeniør i NCC Anlegg Vest, Terje Skjeldbred. Tidlegare var Skjeldbred distriktssjef i selskapet.

Fire nye køyrefelt

Skjelbred tenkjer seg ei ny bru med to køyrefelt, slik at det til saman vert firefelts veg mellom Bergen og Sotra.

Det spørst om dette fell i god jord hjå Sambandet Sotra/Øygarden-Bergen AS og i Statens vegvesen.

– Vi har heile tida planlagt med tanke på nytt firefelts samband, anten det er bru eller tunnel. Det kjem då i tillegg til dagens Sotrabru, seier senioringeniør Lilli Mjelde i Statens vegvesen til Bergens Tidende.

Frist jula 2008

Mjelde opplyser at dei fire kommunane som er engasjerte i det nye sambandet Sotra-Bergen snart legg framlegget til planprogram ut på høyring. Fristen for merknader vert truleg seks veker. Deretter går planprogrammet med innkomne merknader attende til Statens vegvesen. Neste steg er kommunedelplanar med konsekvensutgreiing og kvalitetssikring. Dette arbeidet bør vera ferdig til sommaren 2008. Då skal Statens vegvesen gje tilråding om val av alternativ. Men det siste ordet har kommunane, som helst bør vedta kommunedelplanane før 2008 er ute.

– Dersom desse fristane vert haldne, er det god sjanse for å få Sotrasambandet med i 1. halvdel av neste periode i Nasjonal Transportplan, seier Lilli Mjelde.

TVILLINGBRUER: Terje Skjelbred tenkjer seg gammal og ny Sotrabrua bygt saman slik at dei framstår som ein brukonstruksjon. Gang- og sykkelveg langs midten.ILL: NCC Anlegg Vest
NN
TUNNEL MED KRYSS: Som alternativ til bru skisserer Terje Skjelbred ein ca. 8 kilometer lang tunnel frå Storavatn til Arepollen, med sidetunnel til Askøy. Her har han rekna prisen til ca. 640 millionar kroner, og 100 millionar til for Askøy-sambandet.
NN