• Dette kjem eg til å gjere igjen, heilt til Sælen byggjer seg veg over sin eigen eigedom, seier Kent Ivar Mjølkeråen.

Mjølkeråen angrar slett ikkje på at han plasserte Mercedesen midt oppi Sælens hekk.

— Det bikka over i helga, kan du seie. Men han har tatt seg til rette. Eg gav han to timars frist til å flytte bilen, fordi eg ikkje kom forbi med ein dumpar, seier Mjølkeråen.

— Men kvifor sette du bilen akkurat oppi hekken?

— Det var einaste plassen eg kunne setje han der han eig. No står bilen i hans eigen hage.

— Bilen kunne jo stått i oppkjørselen, dersom det ikkje hadde vore for dei store steinane du har lagt der?

— Der har han ikkje vegrett. Han har berre klaga på alt og laga vanskar for meg. Han parkerte slik han gjorde for å provosere, seier Mjølkeråen, som trur det «gjerne har gått litt ut over bilen» i flytteoperasjonen.

— Korleis kan de få løyst denne konflikten då?

— Det er i alle fall ikkje rett at eg skal halde han med veg. Han får byggje sin eigen.

— Kor mange meter er det snakk om?

— Det er vel berre sju-åtte meter. Men det er nok til at han ikkje kjem inn til garasjen sin, seier Mjølkeråen.

Til liks med Sælen var også han til lensmannen i går, for å melde frå om basketaket fredag kveld.

— Det var Mjølkeråen som gjekk laus på meg. Eg har kul i hovudet og ein skadd skulder. Eg kjem til å melde han til politiet for det, seier 30-åringen.