• Det er utruleg tafatt og korttenkt av regjeringa å ikkje bruka pengar på samferdselsprosjekt når 9000 anleggsarbeidarar går ledige. Her i Hordaland er det kø av gode prosjekt!

Finanspolitikaren i Frp, Gjermund Hagesæter, er alt anna enn nøgd med det reviderte nasjonalbudsjettet, slik det no er utforma. Han meiner det er fatalt å la anleggsfolk gå ledige og maskinparken stå.

— Tenk på kor mykje betre samfunnsøkonomi det er å investera i eller utbetra vegprosjekt framfor å la folk passivt heva arbeidsløysetrygd, seier Hagesæter, som er medlem av finanskomiteen i Stortinget.

Hagesæter seier til Bergens Tidende at prosjekta her vest ligg som perler på ei snor, og er nesten utan unntak klare til å setjast i verk: Osvegen, Austevollsbrua, Jondalstunnelen og tunnel mellom Nyborg og Nordhordlandsbrua.

Han meiner dessutan at det i røynda er for småpengar å rekna når rassikring er tilgodesett med berre 50 mill. kroner meir enn det regjeringa foreslo. Her på Vestlandet er det dessutan meir eller mindre stillstand i anleggssektoren.

— Det er synd at ikkje samferdselsminister Torild Skogsholm er i stand til å kjempa meir. Ho er ikkje tøff nok. Og finansminister Per-Kristian Foss er eit lydig reiskap for embetsverket i sitt departement. Der meiner dei at ei krone er ei krone, og har same negativ effekt kor ein enn brukar pengane.

— Så å seia alle økonomar ser ut til vera samde om at det skapar prispress å setja i gang store byggjeprosjekt?

— I den situasjonen vi no er i må det ikkje vera tvil om at det er sunt å investera meir. Skal vi berre sitja stille og passivt sjå på at utgiftene til arbeidsløysetrygd vert justert opp frå åtte milliardar kroner i statsbudsjettet for i år til 10,5 milliardar no i revidert budsjett? spør han.