På ein og same kveld møttest sauehaldarar på Voss, fruktbønder i Kinsarvik og jordbrukarar på Osterøy. Strategi for framtida, miljø— og kvalitetsarbeid er gjennomgåande tema.

Gudbrandsdølen Pål Haugstad var med då rundt 60 bønder i kommunane Osterøy, Vaksdal og Modalen bestemte seg for å skipa eit nettverk med ideutveksling. Dei små og bynære bruka treng nye bein å stå på når det tradisjonelle jordbruket sviktar. Dei jaktar på småskala produksjon av alle slag, helst noko som ingen har tenkt på før.

— Ta vare på flaskelamma, doserte sauebonden Hans M. Hjelstuen frå Fåvang, også han gudbrandsdøl, til sine yrkesbrør i Sauealslaga på Voss.

Sjølv om mjølkeerstatninga kostar rundt 500 kroner sekken, ser Hjelstuen økonomi i å fjerna eit trilling- eller to firlinglam frå mora, gje dei spesialoppvarting og fora dei fram til skikkeleg slaktevekt. Dette sparer på søya og gir betre totaløkonomi for saueflokken, hevdar Hjelstuen. Han er oppteken av å auka talet på lam, lammevekta og kvaliteten.

— Med fullasta båt der alle ror i same retning, skal vi visa at norsk sauehald er liv laga, seier han, men må medgje at rovdyra er ei alvorleg plage på hans kant av landet. Utan rovdyra ville fleire bønder hatt fleire dyr. Han trur sauetalet vil auka på Vestlandet, mellom anna fordi mange sel mjølkekvota og gir opp kuhaldet. Sauehald er lettare å kombinera med arbeid utanom garden.

Tidlegare leiar i Norges Bondelag, Bjørn Iversen, kom til Ullensvang Hagebrukslag sin «landbrukskafé» i Kinsarvik, neppe for å læra hardingane å dyrka frukt. Men han er leiar for miljø- og kvalitetsarbeidet i Bondelaget og styreleiar i Planteforsk. Fruktbøndene er opptekne av presset dei opplever mot landbruket, WTO-krav om strammare rammevilkår, eit politisk miljø som ikkje vil stå for vilkåra Stortinget før har fastsett, og indre strid om økologisering og integrert produksjon. Hagebrukslaget vil at næringa skal ha ei sterkare hand om utviklinga. Dei etterlyser ein strategi for å koma på offensiven i staden for å bruka kreftene på forsvar.