Til trass for låg kurve på meiningsmålingane, er målet klart for Hordaland Senterparti framom fylkestingsvalet til hausten.

Partiet skal koma attende med fem representantar. Dessutan vil ikkje sentrepartistane vera fornøgde utan at dei får fylkespolitikkens fremste post.

I førre periode då Lussand var fylkesordførar var Senterpartiet i koalisjon med høgresida. Denne perioden foregår samarbeidet mot venstre og Arbeidarpartiet.

Senterpartifolk er for røynde hestehandlarar til å forhandle ope om posisjonar før veljarane har sagt sitt. Og sjølv om dei politiske sakene er overordna for partiet, vedgår Lussand at matematikken vil spela ei betydeleg rolle når posisjonane skal fordelast.

Vil styra

-For oss er det svært viktig å koma i ein posisjon kor vi er synlege og har høve til å styra, seier han.

Og fyrstekandidat Lussand vrir når BT stiller spørsmål om kven det er naturleg å samarbeida med. Men han eliminerer i alle fall vekk Framstegspartiet som aktuell samarbeidspartnar.

— Eg kan ikkje sjå nokon situasjon kor det er mogeleg kor eit slikt samarbeid skulle vera mogeleg, seier han.

Samferdslepolitikken står høgt på Senterpartiets dagsorden framom valet.

Senterpartiet prioriterer mellom anna gratis riksvegferjer og auka løyve til rassikring. Hardangerbrua er ikkje nemnd i valprogrammet.

Men Lussand som er styreleiar for bruselskapet, understrekar at brua ikkje er teke av partiet sin dagsorden.

-Ingen må vera i tvil om at vi prioriterer Hardangerbrua, fastslår Lussand og trekkjer fram Sp-veteran Magnus Stangeland. I si tid lova han ein ekstra milliard til samferdsla.

-Det er på tide at vi trekkjer fram denne milliarden att, seier Lussand

Dette vill Senterpartiet:

N Byggja bybane i Bergen

N Ha gassdrevne ferjer på mellom Halhjem og Sandvikvåg

N Redusera privatbilismen i Bergen

N Gjera køyreopplæring til eit fag i den vidaregåande skulen.

NOppretthalda alle dei vidaregåande skulane i Hordaland.

NStyrkja bibliotektenesta i skulen.

N gje elevane tilbod om gratis skulefrukost.

N Ingen av elevane i den vidaregåande skulen skal behøva å betale meir enn 50 kroner for å koma heim i helgene.

Magnar Lussand overtek gjerne som fylkesordførar att.