- Vi har vakse opp her og er døypte i kyrkja. Då vil vi konfirmere oss, kan hende gifte oss, og i alle fall gravleggjast her, seier Malene Leite (15).

Ho er einaste konfirmant på Værlandet i år, og kan bli den siste til å konfirmere seg i kyrkja. No vil nemleg soknerådet i Askvoll leggje ned to av dei sju kyrkjene i soknet. Ei av dei er bedehuskapellet på Værlandet.

Vi vil konfirmere oss, kan hende gifte oss, og i alle fall gravleggjast i kyrkja på Værlandet

Malene Leite (15)

Sofie Hopen Landøy (14) står samen med tre andre konfirmant neste år. Dei veit slett ikkje om de vil konfirmere seg om dei ikkje får lov til å gjere det på Værlandet.

- Det betyr masse for meg å konfirmere meg, men eg vil gjere det i mi eiga kyrkje. Det er ein måte å vise at vi vil behalde kyrkja på, seier ho.

For lite besøkt

For nokre år sidan vart presteskapet i Askvoll sokn redusert med ei halv stilling, medan talet på gudstenester vart redusert frå 111 til 87 i året.

- Då vart det ikkje gjort noko med strukturen og fordelinga. Det er det vi gjer no. Grunnen er rett og slett at besøkstala i kyrkja er for låge. Kyrkjene på Værlandet og i Stongfjorden har lågast besøk, seier soknerådsleiar Ole Andreas Myrstad.

Dagleg leiar i Askvoll kyrkjelege fellesråd, Rune Ziener, meiner nedlegginga er klok.

- Det er ei fornuftig og framtidsretta løysing. Strukturen vert enklare og gudstenestelivet styrkja. Når det vert færre stader, får ein samla fleire til kvar gudsteneste, seier han.

Skjøner ikkje vitsen

Dette er værlendingane sterkt ueinige i.

- Det er urimeleg og utenkjeleg å leggje ned kyrkja. Eg trur ikkje dei har innsikt i kva det betyr for ei bygd å ha eit gudshus med gudstenester og andre kyrkjelege aktivitetar, seier Gunn Leite. Ho har skrive brev til biskopen der ho fremjar livsrett for kyrkjelyden.

Tone Nistad Nybø sit i kyrkjelydsutvalet og jobbar som klokkar og organist dei gongene det er gudsteneste.

- Eg trur dei færraste i bygda skjøner vitsen med å leggje ned kyrkja. Ho er privat, og har ikkje kosta ei krone for soknerådet å byggje, seier ho.

Kyrkja bygde værlendingane sjølve og har sidan stått for vedlikehaldet.

Lite å spare

Det er dermed lite pengar å spare på å leggje ned kyrkjene. Soknerådsleiar Ole Andreas Myrstad forklarer at det handlar om å fordele presteressursane betre.

- Kva synest du om at ungdommen ikkje vil konfirmere seg andre stader?

- På ein måte forstår eg dei, på ein annan måte trur eg ikkje dette er viktig for ungdommen generelt. Eg har forhørt meg med presten. Viss det ikkje er viktigare å konfirmere seg, får det heller vere, sier Myrstad.

Klare for kamp

Underskriftskampanjar, lesarinnlegg og brev til biskop, prost og sokneråd er nokre av verkemidla folket i bygda har teke i bruk i kampen.

I fjor var det åtte gudstenester i bygda, ingen vigsler og fire gravferder, så det er ikkje mange besøk presten må ta i løpet av eit år.

18. mai er det soknemøte der alle kyrkjemedlemmene i Askvoll kan diskutere saka med soknerådet. Innbyggjarane på Værlandet planlegg å stille mannsterke.

Biskop Halvor Nordhaug er positiv til alle forsøk på å tenkje nytt om korleis presteressursar kan nyttast mest effektivt.er

Vaerlandet_kapell_2.jpg
PRIVAT