Den ureglementerte lastinga av «Rocknes» kan bli brukt for å torpedere eit erstatningskrav frå reiar og forsikringsselskap.

Dersom Staten skulle få skulda for at «Rocknes» gjekk på grunn, har dei framleis eit argument som kan brukast mot reiaren Jebsen: Sjøfartsdirektoratets granskingsgruppe etter ulykka slo fast at «Rocknes» kanskje ikkje ville gått rundt dersom båten hadde vore lasta i tråd med regelverket. Grusen var ikkje skikkeleg jamna ut i lasteromma, noko granskarane meiner bidro til at kantringa i alle fall gjekk mykje raskare enn ho elles ville gjort. Reglementert lasting ville gitt meir tid til å berge skip og mannskap, konkluderte rapporten som vart lagt fram i fjor sommar.