Blikra er advokaten til ein av dei fire som er dømd for å ha brote seg inn og mishandla ein mann i Askvoll. Blikra representerer kjærasten til kvinna som skal ha blitt dopa ned og valdteken av 53-åringen som vart angripen.

– Valden kan på ingen måte legitimerast. Men vi meiner retten har lagt for liten vekt på bakgrunnen for valdsbruken, seier Blikra.

I følgje advokaten har tingretten mellom anna ikkje lagt til grunn mannen handla i ”berettiget harme”, som det heiter i strafferetten.

– Klienten min har i frå første politiavhør erkjent straffeskuld, og forventa lang fengselsstraff. Men ”berettiget harme” er eit strafformildande moment av ei viss tyngd. Når retten finn det bevist at min klient svarer på klare opplysningar frå kjærasten om at ho vart dopa ned og valdteken kvelden før, kva er berettiget harme om ikkje i denne saka, seier Blikra.

– Skandale

53-åringen har i avhør nekta for at noko skal ha skjedd mellom han og kvinna, men under rettssaka la aktor fram DNA-bevis for seksuell kontakt mellom dei to. Denne saka er framleis under etterforsking, men fleire stader i dommen er det sannsynleggjort at kvinna vart utsett for overgrep, meiner Blikra.

– Blant anna har kvinna fått redusert sin del av erstatningskravet fordi som det står i dommen ”retten legger til grunn at fornærma natta før sannsynlegvis opptrådte krenkende og erstatningbetingende”.

Advokaten forventar at påtalemakta no granskar overgrepssaka. Noko anna vil vere ei skandale, meiner han.

– Desse sakene gjekk parallelt, og den andre saka skal vere ferdig etterforska. Det er ingen grunn til at påtalemyndigheitene ikkje skal ta stilling til påtalespørsmålet straks.

Blikra hevdar at den reelle årsak til at saka er utsett, er at påtalemyndigheita ikkje ville ha ei straffesak der den fornærma også har stilling som tiltalt i ei tilgrensande sak.

– For stor rolle

Også den andre mannen vil anke dommen, både når det gjeld skuldspørsmålet og straffeutmålinga.

– Vi vil anke dommen av fleire grunnar. For det første meiner vi at min klient har fått ei meir sentral rolle enn det som var tilfelle. Vi meiner og at han er dømt etter ein for streng bestemmelse i straffelova, og at utmålinga er for streng, seier forsvarar Robert Fonn.

– Min klient skulle vere med å frakte to av dei tiltalte ut til 53-åringen, og ville ikkje at det skulle ende slik det gjorde.

ARNE HÅBERG