34-åringen blei pågripen i Stavanger i slutten av januar i år etter mistanke om fyllekøyring med lastebil i oljebyen.

Mannen seier at han berre starta opp lastebilen for å halda varmen. Deretter hugsar han ikkje noko før han vakna i fyllearresten. Blodprøven viste ein promille på 1,99. Vitne hevdar å ha sett han køyra.

Mannen må svara for hendinga i ei eiga rettssak seinare.