Kor mange av desse rettshavarane som sel eller leiger ut løyva sine til andre, er det ingen som har oversikt over.

Men Tore Henrik Øye som leiger eit utmarksprosjekt i Hordaland Bondelag med mellom anna jakt som saksområde, reknar med at salet utgjer mindre enn ein tidel av alle løyva i fylket.

— Likevel er det ikkje umogeleg for ein byjeger eller ein jeger utan jaktrett å skaffa seg jakt, understrekar Øye.

Heldige jegerar kan få leigd jaktrett gjennom annonsar i avisene og på internett.

Landbruksetaten i kommunane har også ei viss oversikt over kven som leiger ut jakt. Men det meste av jaktsalet i vestlandsfylka vert ikkje marknadsført eller lyst ut. Mange jegerar tek direkte kontakt med grunneigaren. Vener og kjende i jegermiljøa er framleis beste formidlingskanal for den som ønskjer ein sjølvskoten hjortesteik og fin naturoppleving om hausten.

— Mange jegerar jaktar for grunneigarane med avtale om deling av kjøtet, fortel Øye.

Men dei siste åra har interessa for meir profesjonell utleige av hjortejakt mellom bøndene og grunneigarane auka. Utleige vert då gjerne kombinert med tilleggstenester som husvære og omvising i jaktområdet eller valdet som det heiter i jaktkrinsar, før jakta. Enkelte grunneigarar byr seg også til å vera med som omvisarar under sjølve jakta.

Utleigeformer

  • Tidsavgrensa utleige. Ofte ei veke
  • Jegerane disponerer jaktterrenget heile jakta
  • Gjestejakt på lokalt jaktlag

Nettstader for jegerar

  • dintur.no
  • skoginfo.no
  • natur-fritid.no
  • norbooking.no
  • villrein.no

Jakttider

Hjortejakt: Frå 10. september til 15. november

Reinsjakt: Frå 20. august til 30. september

Elgjakt: Frå 10. september til 15. november Ver merksam på at dette er rammetider fastsett frå Direktoratet for naturforvaltning. Kommunane kan fastsetja eigne tider innanfor dei fastsette rammene.