Her ser du slepebåten «Jølle» frå Eide Marine som slepar bilferja «Vikingen» (Tide Sjø) på 2631 br. tonn inn til Leirvik kai etter at ferja fekk teknisk havari på Halsnøy i 6-tida måndag morgon.

Vikingen i ruta Skjersholmane-Ranavik-Sunde måtte få erstatningsbåt. Det tok tid, og enkelte opplevde inntil seks timar forsinka avgang frå Sunde til Ranavik, Ifølgje avisa Kvinnheringen.

Halsnøytunnelen blei opna for dispensasjonstrafikk som følgje av ferjeuhellet.

Ove A Olderkjær