— Kamp, sport og kampsport blir viktige innslag i år, ettersom nærare femti atletar har meldt seg, fortel vikinghøvding Georg Hansen.

Han lovar heftig action og våpengny om ettermiddagane.

Med 250 påmelde vikingar er talet frå i fjor dobla. I løpet av torsdag og fredag vert det sett opp nærare 60 telt. Her kjem hestar, gjøglarar og eventyrforteljarar. Kultbandet KRAUKA frå Damnark og Island satsar på humor og speleglede.

Ordføraren opnar marknaden ved lunsj-tid fredag.

Arkeolog Lars Pilø kjem for å fortelja om utgravinga av vikingbyen i Vestfold, og støtta Hansen sine visjonar om vi-kingby i Gudvangen. Arkeolog Lars Magnar Enoksen kjem frå Malmø for å halda kurs i Glima på måndag. Høvdig Georg vil gjerne ha nordisk meisterskap i denne norrøne brytesporten i Gudvangen neste år.

STRANDHOGG: Vikingskipet Njardar mot land i Gudvangen. ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH
HØVDING: Georg Hansen styrer med vikingmarknaden som opnar i Gudvangen fredag. ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH
Arne Hofseth